Bok
Med eldhug og sterk vilje
Forteljeforma er eit modig og spanande grep, men teksten kunne ha vore betre gjennomarbeidd.
Ukjend kunstar: Tormod Torfæus (1636–1719)
Kjelde: Det Nationalhistoriske Museum på Frederiksborg slott / Wikipedia
Ei bok som hentar fram frå gløymsla ein signifikant historikar som Tormod Torfæus (1636–1719) og gjer han levande for eit samtidspublikum, høyrest ut som godt nytt. Torfæus var ein namngjeten mann i eiga tid, og han har mykje av æra for at islandske mellomalderhandskrift vart samla, granska og skrivne av på 1600-talet.
Han vart hyra inn som omsetjar og historiograf av sjølvaste einevaldskongen Frederik 3., og kongen forventa at arbeidet hans skulle underbyggje den danske kongeslektas lange røter og kongsrett. Strevet med å leite fram manuskript og formidle Nordens gamle historie vart eit livslangt prosjekt for Torfæus, og mellom anna skreiv han eit stort og viktig historieverk om Noreg. Verket vart omsett frå latin og utgjeve på norsk av forlaget Vigmostad Bjørke for nokre år sidan. Likevel er nok Torfæus i dag ukjend for mange.
Livsskildring
Det ynskjer norrønfilologen Bergsveinn Birgisson å gjere noko med. Med eldhug og sterk vilje til opplysing inviterer Birgisson lek og lærd med på oppdagingsferd fleire hundre år attende i tid: fyrst til Island og latinskulen i Skálholt, seinare til Danmark og konganes København, og endeleg til det meir provinsielle, sørvestlege Noreg. Tidsreisa er full av små og store, interessante og mindre interessante hendingar. Flyten kan vere dårleg, og gjentakingane er mange. Detaljane bognar, og forfattaren dveler ved fleire av dei for å måle opp for oss eit stort og utfyllande bilete av personen Torfæus og av samtida hans: 1600-talet.
Nett difor må ein undre seg over tittelen på boka: Mannen fra middelalderen. Mannen Torfæus levde i eineveldets og barokkens periode, og ikkje i mellomalderen, slik ein (gjengs) lesar naturleg vil tru. Legg ein godviljen til, kan ein kanskje tolke tittelen som at Torfæus er mannen som formidlar mellomalderen. Men ein kjem i stuss. Undertittelen fortel oss vidare at Torfæus var ein mordar. Når me langt uti boka kjem til dette punktet i soga hans, skjønar me at det gjeld eit drap utført i sjølvforsvar, og ikkje eit mord.
Forteljinga fungerer til dels som ei følsam livsskildring og til dels som opplysande sakprosa. Rett som det er dukkar òg fiktive innskot og bolkar opp. Denne hybride forteljingsforma er eit modig grep og i utgangspunktet spanande. Og ho kunne ha fengt oss dersom teksten hadde vore betre gjennomarbeidd, grunnarrativet meir stringent og «reiseleiar» Birgisson meir språkvirtuos og mindre skravlesam.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.