Musikk
Med røter i tradisjonen
Trombone og barytonsaksofon gjev ein eigen patina.
Peter Robertstad (23) vart uteksaminert frå jazzlinja i Trondheim som den første trombonisten på 15 år. Dette er i stor grad hans plate. Han har skrive alle dei ni låtane og vore produsent, men kvalitetane i musikken er sterkt knytt til det spesielle klanguniverset instrumentariet har i seg.
Amerikansk jazz
Komposisjonane hentar inspirasjon frå amerikansk jazztradisjon frå 60-talet og bakover. På nokre låtar sameiner Robertstad element frå cooljazzen med Tvetens perkusive pianostil. «Ulv i fåreklær» er eit døme på at bandet kan eksperimentera med friare former. Komposisjonane vekslar også fint i tempo.
Musikken er på sitt aller beste når dei leikar seg i samspelet og tek seg tid til å utvikla improvisasjonane. Slik sett er tittellåten «Feil vei!» det absolutte høgdepunktet på plata. Her serverer dei fleire fine og morosame detaljar i oppbygginga før Robertstad, Tveten og Bø alle leverer solide kor. Steinkopf og Frøysa tek sitt mon att i «Tennvann».
På rett veg
Også i den konvensjonelle jazzvalsen «Albatross» innvilgar dei seg godt med solistisk armslag etter ein blå pianointro i beste Oscar Peterson-stil.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.