Litteratur

Med salmeboka til hest

NEDTUREN. Etter fem år med bokhandel og forlag i Karl Johans gate 39 trekte Huseby i 1890 bort i Grubbegata 2. Peder Blix: «Gaardsplads i Gaard i Grubbegaden» (blyant, 1895).
NEDTUREN. Etter fem år med bokhandel og forlag i Karl Johans gate 39 trekte Huseby i 1890 bort i Grubbegata 2. Peder Blix: «Gaardsplads i Gaard i Grubbegaden» (blyant, 1895).
Publisert Sist oppdatert

Ein bondestudent frå Sogn kjefta på målfolk som kjøpte for få nynorskbøker, drog med hest og kjerre på salsturné og selde over 200.000 eksemplar av Blix-salmar.

Etter læreår utanskjers etablerte Olaf Huseby (27) forlagsbokhandel i Kristiania hausten 1883 saman med Olaf Olsen, seinare Norli. «Olaf Norli og eg vilde hjelpa til å få norsk farge på landet», sa Huseby. Samarbeidet rauk våren 1885. Dermed sat Huseby att med ein bokhandel han ikkje ville drive, eit forlag utan kapital og litt for mange meiningar.

Få månader etter jamstillingsvedtaket i 1885 leksa han opp i avisa Nordtrønderen kor lite bøker målfolk kjøpte. Det mangla ikkje på motinnlegg, men Huseby visste best svara ingen.

Arne Garborg var alt blitt plakatnamn, og eit forlag i Bergen hadde gitt ut Bondestudentar i 1883. Huseby kom på godfot med den rike grosseraren Johan Sørensen. Han var «eitrande sinna» på landsmålet, men likte romanen og ville ha boka ut på dansk. Både Garborg og Huseby sa nei, og Huseby gav ut andre utgåva på originalspråket i 1885.

Med eit engelsk føredøme ville Huseby lage eit såkalla folke­bibliotek som skulle heite Henrik Wergelands Boghylle. Sørensen sa ja, endra tittelen til Bibliothek for De Tusen Hjem og tok raskt kontroll over serien. På tolv år blei skriftene i serien truleg trykte i 600.000 eksemplar.

I 1893 gav Huseby ut Landstads Kirkesalmebog med Blix-salmar som tillegg. Å få dei med i salmeboka hadde vore viktig for han, som ikkje var medlem i statskyrkja: «Der var lykelen til folkehjarta.» Då boka var trykt i 1893, drog Huseby med hest og kjerre på «misjonsferd til prestar og klokkarar» i tre månader. Det som berga salet, var lærarane, ikkje dei geistlege, sa Huseby. På fem år trykte han 204.000 eksemplar

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement