Meir enn færing og Hamsun
Karl Erik Harr er ikkje berre nordnorsk dekorasjon. Tommy Sørbø fortel om mobbing i barndomen og peikar på det evige i kunsten hans.
Tommy Sørbø viser fram høgdepunkt i Karl Erik Harrs kunstnarskap, som «Gunnarholmen, Svolvær» frå 2004.
Alle veit kven kunstnaren Karl Erik Harr er. Namnet vekkjer assosiasjonar til Nord-Noreg, til Knut Hamsun og Petter Dass, til færingar og naust. Det finst tallause kunstverk av Harr, som bokillustrasjonar og som kunst i offentlege bygningar. Då eg arbeidde fem år ved Nord universitet, campus Bodø, og åt på kantina, såg eg rett på eit målarstykke med motiv frå Hamsuns Benoni og Rosa. Det dekte ein heil vegg.
Nord-Noreg og Harr har vorte så einstydande at dei figurative målarstykka med tradisjonelle motiv har gått over i reine illustrasjonar av landsdelen for mange. Det kjem òg av at Harr til tider nesten har hatt monopol på nordnorske utsmykkingsoppdrag.
Men kva veit vi eigentleg om mannen, om Harr som kunstnar – med djupn og eksistensielt program på lik line med store namn som J.C. Dahl og Edvard Munch? Faktisk er særs få verk av Harr innkjøpte ved store museum. Har ikkje kunstverka hans djupare meiningsnivå? Det har kunsthistorikaren Tommy Sørbø sett seg føre å prove for lek og lærd. Resultatet er Karl Erik Harr. Å fange en bølge – eit rikhaldig verk om Harrs liv og kunstnarskap, der Sørbø har valt ut ei rekkje målarstykke som han analyserer med fagleg innsikt. Boka har vorte eit standardverk om Karl Erik Harr – på lik line med autoriserte katalogar over kunstverka til målarar som Rembrandt og Nerdrum.
Mobbing og sjukdom
Fyrst fortel Tommy Sørbø om barndom – med ei attkjennande soge for mange menneske som har tydd til kreativitet som ein utveg: barndom i Harstad med utanforskap på grunn av mobbing og sjukdomstid med tuberkulose. Harr vart plaga på grunn av ein ganespalte-operasjon som førte til ein nasal uttale. Til og med faren gjorde narr av son sin. «Utan mobbing, ingen kunst», seier Harr om barndomen, og viser korleis han gjorde denne veikskapen om til ein styrke. Gjennom teikning og forteljing ville han vise omverda at han dugde til storverk.
Berre denne historia fortener å lyftast fram av pedagogiske omsyn, ikkje minst i skulesamanheng, der psykisk helse har vorte eit viktig tema. Talentet vart oppdaga, og alt som femtenåring fekk Harr sitt fyrste utsmykkingsoppdrag på Harstad folkeskole – eit murbilete som minner om kunsten til dei norske freskemålarane, som Axel Revold.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.