Musikk

Meisterleg framføring

Spelet til Olav Wernersen er ei samansmelting av under­haldning, kunst og imponerande handverk.

Publisert

«Trekkspelmusikk» er sjølvsagt ingen sjanger. Men det er likevel typisk for mykje av det som har vorte spelt på dette instrumentet, musikk som ikkje passar heilt inn i etablerte sjangrar som «jazz», «folkemusikk» eller «pop». Også dei mange trekkspelvitsane stadfestar at dette instrumentet ofte hamnar i ein merkverdig posisjon mellom «høg» og «låg» smak. Og framleis er det slik at nokre av dei fremste nolevande trekkspelarane våre – som til dømes Frode Haltli og Stian Carstensen – meistrar eit stort repertoar av stilartar og ikkje utan vidare lèt seg kategorisera.

Olav Wernersen (1936–2006) var òg ein slik sjangeroverskridande musikar, men det som særpregar desse nyrestaurerte opptaka, er at det er opplagd underhaldningsmusikk, med smektande melodiar, svingande rytmar og småfrekke akkordar. Her smeltar element frå gamaldans, swingjazz og fransk tradisjonsmusikk saman, og spelet (på knappetrekkspel) er ekstremt virtuost samstundes som det er lett og elegant. I tillegg medverkar fleire framståande jazzmusikarar, som bassisten Håkon Nilsen, gitaristen Finn Westbye og trommeslagaren Jon Christensen.

Wernersen vaks opp i Østfold, vart først kjend som «barnestjerne», gjorde det godt i trekkspeltevlingar og vart etter kvart kjend som revymusikar, radioartist og studiomusikar. Men seinare studerte han også kontrabass, harmonilære og kontrapunkt i Stockholm, og vart buande i Sverige resten av livet.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement