Musikk

Mellom bråk og intimitet

White er eit originalt møte mellom tradisjonelt vokaluttrykk og alternativ rocka energi.

Publisert Sist oppdatert

Torgeir Vassvik har gjennom ei årrekkje levert musikk som er basert på samisk tradisjon, men i høgst personlege versjonar. Denne gongen skjer samarbeidet med den finske, norskbaserte gitaristen Juhani Silvola, som heller ikkje er redd for å laga ei eiga blanding av folkemusikk og ulike versjonar av samtidsmusikk.

På denne plata intensiverer dei desse inspirasjonane i ein høgenergisk versjon, der uttrykket er henta vel så mykje frå alternativ rock som frå den såkalla folkemusikken. Både det vokale uttrykket til Vassvik og gitarspelet til Silvola er prega av brutalitet, rasping og intensitet. Men samstundes er det følsamt og mjukt. 

Vassvik legg som regel eit kraftfullt, rytmisk basert akustisk gitarspel under songen sin, medan Silvola spelar elektronisk manipulert elgitar som legg seg rundt det heile. Samstundes som lydbiletet er rått og høgenergisk, er det gjennomsiktig og klårt. Dei har såleis makta å balansera intimitet og energi på ein overtydande måte.

Det er for tida mange som blandar impulsar frå tradisjonsmusikk med instrumentering og stiluttrykk frå jazz, rock og samtidsmusikk. Men det meste av dette er finsleg gjort. 

På plateomslaget skriv dei at samiske melodiar er utvikla til ein animistisk avantgardejoik gjennom ein kollektiv improvisasjonsprosess. Også slike formuleringar kan lesast som ei «korrekt» fortolking av samtidskultur. Men uansett: Dette er musikk som skil seg ut i den store mengda av stilblanding.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement