Bok
«Men aldri var det noko hysteri for svarte menn»
Terrance Hayes tilfører noko nytt til biletet av smeltedigelen USA.
Gjennom 70 sonettar skildrar Terrance Hayes dagens USA.
Foto: Kathy Ryan
Det er ikkje kvardagskost at ein lyrikar som er fødd i 1971, skriv noko så umoderne som sonettar. Difor blir ein ekstra merksam når ein les gjendiktinga av Terrance Hayes’ Amerikanske sonettar til min fortidige og framtidige snikmordar (engelsk utgåve 2018). Men nokre tiår før Hayes fekk vi Vikram Seths fascinerande «roman» The Golden Gate (1986), som tek form av ikkje mindre enn 590 sonettar, med rim og rytme og det heile!
Så ambisiøst er ikkje Hayes’ prosjekt, men det er imponerande nok likevel. No er det å lesa Hayes noko heilt anna enn å lesa ein klassisk sonett av Shakespeare eller John Keats; den strenge forma er sprengd, og det er vel berre det ytre skjelettet på fjorten liner som står att. Men trass i alt kan det forsvarast å kalla samlinga Amerikanske sonettar, som eg seier som forkorting, for som det heiter ein stad: «Eg låser deg i ein amerikansk sonett som er dels fengsel,/ Dels panikkrom, eit skap i eit hus sett i brann.»
Tittelen refererer sjølvsagt til valden og undertrykkinga som afroamerikanarar tradisjonelt har vore utsette for i USA, men kan òg romme referansar til andre sår i den valdelege historia til nasjonen, til dømes attentatet på John F. Kennedy, og heilt nyleg mordforsøket på Salman Rushdie.
Språket i samlinga tek farge av desse røynslene, og er, med unnatak av einskilde mjukare tonar, hardt, usminka og «streetwise»: «Er du ikkje ein flamme av hole Hei & Føkk nei,/ Ei vill, fillete sjel mot kva? Uvenn til Fiende av/ Dei som er Mot å Trygge Lovene Mot Kva?» Det lyder som ein modernisert Walt Whitman kledd i sonettdrakt, for det er sjølve landet som vert skrive fram her òg, men sett frå dei svarte sitt perspektiv.
Desse freistnadene på å festa den motsetningsfulle nasjonen i skrift er nærast eit særtrekk hjå amerikanske forfattarar, og her står Hayes i ein lang tradisjon: «Fattige, fillete hjarte, blinde, ville/ Hjarte, eg er nærmast utsliten av å snakke med deg.» Det er tydeleg at det er det store moderlandet Amerika som vert tiltala direkte her, og med dette perspektivet føyer Terrance Hayes noko nytt til biletet av smeltedigelen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.