Musikk

Menneskeverket

Bergensarane syng Brahms' tyske rekviem under Edward Gardner.
 

Johannes Brahms (1833–1897) i tida då han skreiv sitt tyske rekviem.
Publisert

Johannes Brahms’ Ein deutsches Requiem, op. 45, for sopran- og barytonsolist, firstemmig kor og orkester, hadde i si endelege form urpremiere i Leipzig i 1869. Om dette tyske rekviemet er det blitt sagt at det korkje er tysk eller eit rekviem. Det siste stemmer i alle høve. Verket har fint lite med den liturgiske dødsmessa til katolikkane å gjera, den som byrjar med orda Requiem aeternam dona eis, Domine, «Gjev dei den evige kvila, Herre». Stykket er nettopp ikkje sørgjemusikk i form av ei bøn for sjelene til dei døde, men ei trøyst for dei levande andsynes døden.

Kva så med det tyske ved «rekviemet»? Det mest opplagde er songteksten, som er Brahms’ eiga samanstilling av passasjar frå Luthers bibelomsetjing. Alt i samtida peikte kritikarar på at korkje «Jesus» eller «Kristus» blir nemnde. Til dette svara komponisten at det var medvite – han hadde laga eit Menschenwerk, og tittelen kunne like gjerne vore eit menneskeleg rekviem.

Arkaisk

Frå ein musikalsk ståstad er det «tyskaste» ved verket måten Brahms her syner kjærleik og vyrdnad til – og ikkje så lite age andsynes – den tunge protestantiske kyrkjemusikkarven. Trass i den moderne ideen om humanitet syner musikken arkaiske trekk, med store korfugar, gamalvoren tonalitet og bruken av orgelpunkt, altså basstonar som blir liggjande over fleire taktar medan harmoniane endrar seg.

Trass i Brahms’ solide komposisjonsteknikk er det difor noko «utidsmessig» ved verket som for meg kjennest problematisk. Det romantiske formatet høver ikkje alltid til dei gamalvorne formene, noko som er mest tydeleg i dei sakteflytande korsatsane. Sjølv under ein så disiplinerande taktstokk som den til Bergen Filharmoniske Orkesters æresdirigent Edward Gardner, er dette merkbart.

Svake kontrastar

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement