Midt på finaste treetEnkelte filmar gjer eit uutsletteleg inntrykk. Colette er på ingen måte ein av dei.
Enkelte filmar gjer eit uutsletteleg inntrykk. Colette er på ingen måte ein av dei.
Keira Knightly spelar hovudrolla som Colette, inspirert av ei sann historie.
Foto: Giles Nuttgens / Norsk Filmdistribusjon
I Paris rundt hundreårsskiftet styrer Willy (West) den kulturelle eliten med ein skrivefabrikk der skribentane produserer vågale tekstar som passar den dristige, nye verda. Inn kjem den unge kona hans, Gabrielle (Knightley), og då han gjev henne ein sjanse til å skriva ned ungdomsminna sine, vekkjer han samstundes opp alter egoet hennar, Colette, eit namn ho framleis er vida kjend for. Og kvinna Colette er så mykje meir enn berre den landsens jenta Gabrielle.
Elegantisk
Å, Paris! Fin de Siècle! Du dekadente by! Stolte, vakre transar, frittgåande homofile par, høg sigarføring og låg bokføring – det høyrest ut som noko frå dagens heitaste sladrespalter. Og akkurat det gjer nok at tidspunktet for å laga Colette er perfekt. Eg kastar ein tanke i retning av serien Babylon Berlin, som veltar seg i overdådige Weimar-estetikk, for ikkje å seia Weimar-etikk og -moral. Og så sterke, eigenrådige kvinner i hovudrollene, som hovudpådrivar for handlinga – det er jo ein draum! Berre at Colette jo faktisk har eksistert! Så, av alle desse grunnane: Gå og sjå Colette. Dette må likevel ikkje tolkast som at eg var særleg begeistra for sjølve filmen, diverre.
Biografisk?
Det er noko med Keira Knightley, ho manglar eit eller anna vesentleg for å ta på seg ei tøff rolle som dette. Ho er nydeleg, men på ein så yndig måte at det er som tøymjuknarlukta siv ut av lerretet der ho svinsar rundt i den eine fancy kjolekreasjonen etter den andre. Ein skulle ikkje tru at dei levde relativt kummerleg og pengefattig, noko dei stadig klagar over at dei gjer. Colette er lite anna enn eit halvgodt, gamaldags kostymedrama, noko som fort gjer at filmen endar i meh-kategorien for min del.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.