Kunst
Modig og tankevekkande
Kvifor er det slik at nokre menneske vier livet sitt til å bygge opp ei kunstsamling?
Kai Fjell: «Fløyten», 1940.
Foto: Stavanger kunstmuseum / Dag Myrestad
Den forbudte skogen set også søkelys på vanetenking: Er det berre éin måte å vise eldre kunst på? Svaret til museet ser ut til å vere eit rungande nei.
Med utstillinga Den forbudte skogen har dei sleppt ein uvant villskap inn i museet. Dette er ei utstilling med mange lag. Her er den ærverdige samlinga etter Halvdan Hafsten stilt ut inni ein diger rominstallasjon skapt av samtidskunstnaren Andreas Siqueland (f. 1973). Og for å gjere det endå meir komplisert, så har denne kunstnaren i tillegg hengt opp eigne måleri innimellom verka frå samlinga. Heldigvis er det slett ikkje like vanskeleg å oppleve og nyte utstillinga som å skrive om henne. For ho er særs sanseleg og ganske så intuitiv.
Det er sjeldan å sjå utstillingar som Den forbudte skogen, der eldre kunst så å seie smeltar inn i eit samtidsverk. Siqueland har dekt utstillingsromma frå golv til tak med veggmåleria sine, designa både gardiner og teppe til golva. Kunstnaren er ikkje redd for fargar, friske, reine og sterke linjer buktar og dansar med uvand styrke.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.