Moralsk historieskriving

Marte Michelet ser på historia med dagens briller.

Publisert Sist oppdatert

Historie

Marte Michelet:

Hva visste hjemmefronten? Holocaust i Norge, varslene, unnvikelsene, hemmeligholdet

Gyldendal

Marte Michelet målar opp eit stor lerret i boka Hva visste hjemmefronten? Boka har mange aktørar og historier samla mellom to permar. Michelet, som skreiv boka Den største forbrytelsen: Ofre og gjerningsmenn i det norske Holocaust i 2014, er denne gongen oppteken av kva heimefronten visste og gjorde då dei norske jødane vart arresterte og deporterte hausten 1942 og våren 1943. Svikta heimefronten jødane? Og kva gjorde eksilregjeringa i London?

Michelets nye bok er velskriven. Forfattaren er engasjert og har ei historie ho vil fortelje. Hovudtesen er at fleire i den norske heimefronten visste at dei norske jødane skulle deporterast, men at leiande personar i heimefronten ikkje gjorde noko for å hindre det. Sanninga er, skriv forfattaren, ikkje at «jødeutryddelsen lå utenfor menneskelig fatteevne, men at det ligger utenfor vår tids fatteevne at man kunne stille seg likegyldig til den. Vi kan ikke tro at datidens helter ikke ville ha gjort mer for å redde sine medmennesker fra deportasjon til døden» (s. 341). Premissane For å underbygge påstanden om at motstandsrørsla ikkje gjorde noko for å berge jødane, prøver ho å få fram fordommar som aktørane hadde mot dei, og at desse fordommane var ei medverkande årsak til at dei valde å ikkje gjere noko.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement