Teater

Mot undergangen

Ein regi som ikkje «samtalar» med teksten, gjer Melancholia til eit heilt nytt, men ikkje heilt uinteressant, kunstverk.

Bryllaupet til Justine og Michael skulle bli eit eventyr, men før festen er over, har overflata byrja å slå sprekkar.
Bryllaupet til Justine og Michael skulle bli eit eventyr, men før festen er over, har overflata byrja å slå sprekkar.
Publisert

Romanar og filmar har lenge og i altfor stor grad vore utgangsmateriale for teaterframsyningar. Då er det forståeleg at regissørar som vil setje dette om til scenisk uttrykk, kjenner trong til å distansere seg så mykje som råd frå opphavet. I det ligg jo sjølve grunnlaget for å skape teater av noko som fungerer vel i andre sjangrar. Men kva om ein ikkje har noko nytt å tilføre stoffet?

Det er det eg opplever med Maria Drangeids versjon av Lars von Triers dystopiske film om den fiktive planeten Melancholia, som synest å styre rett mot jorda med øydeleggjande konsekvensar. Drangeid har tvert om tappa filmen for dramatisk kraft – utan å ha anna å erstatte med enn ytre effektar. No skal det rett nok seiast at det ho har gjort, er slåande nok, og 100 prosent gjennomført, men det gir ikkje tematikken noko nytt av verdi. Tvert imot, forma ho har valt, kolliderer så kraftig med teksten (som er tru mot von Triers original frå 2011) at ho skaper avstand til stoffet.

Eit trugsmål

Filmen er ikkje berre historia om planeten som trugar med å slette ut jorda, men også om korleis to søstrer reagerer på dette trugsmålet. Kvar på sitt vis verkar Justine (Monica Dybwad) og Claire (Ameli Isungset Agbota) som psykiatriske kasus. Medan førstnemnde slit mentalt og er tydeleg depressiv, er søstera ei omvandrande tvangsliding, heile tida må ho sikre seg at alt ikring henne går etter oppsett skjema. Når den eine er høgt oppe, er den andre lågt nede, og omvendt.

Alt dette er «etter boka», men regissøren har gitt det ei form med ekstremt stilisert spel, overdrivne og til dels mekaniske rørsler – med og utan steppesko – supplert med ein scenografi som konsekvent stør opp om den antirealistiske spelestilen. Det er imponerande gjort, og det er profesjonelt levert av alle medverkande. Men denne stilen stør ikkje opp «realismen» i trugsmålet frå himmelrommet, det er tvert om som om han direkte motarbeider alt det trugande. Men kan det vere tenkt som eit bilete på korleis vi møter klimaendringane og alt dei ber med seg – korleis vi ikkje vil ta inn over oss konsekvensane av det vi ser komme? Som ein parallell til Stanley Kramers oscarvinnande film Ship of Fools (Dårenes skip) frå 1965, der sluttreplikken sardonisk lyder: «Kva har alt dette med oss å gjere? Ingenting.»

Overraskande lydbilete

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement