Musikk

Motellet til drøymaren

Joachim Cooder opnar dørene til sju musikalske rom.

Joachim Cooder er kjend som perkusjonist frå fleire utgivingar saman med opphavet, Ry Cooder.
Joachim Cooder er kjend som perkusjonist frå fleire utgivingar saman med opphavet, Ry Cooder.
Publisert

Så snart du står på terskelen til Dreamer’s Motel og dei første tonane på det opnande tittelsporet inviterer deg inn, er det vanskeleg å seie nei: Joachim Cooder har sett seg ned ved mbiraen sin, far Ry klimprar umiskjenneleg på gitaren, og dei varme vokalharmoniane skyl over deg – alt er mjuk vellyd.

46-åringen Cooder har alt eit lite knippe utgivingar bak seg, og han er kjend som perkusjonist frå fleire utgivingar saman med opphavet. Faktisk følgde han Ry Cooder (77) på turnéar alt som liten gut, og figurerte i tenåra på ulike plater frå den kanten. Dei siste åra har han hatt ein markant plass på utgivingar av ei rekkje andre større artistar, men held fram samarbeidet med faren, med viktige roller på album som The Prodigal Son (2018) og Get On Board (med Taj Mahal, 2022).

Klangbotnar

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement