Peder Simonsen (f. 1987) og Jo David Meyer Lysne (f. 1994) er komponistar som på denne plata framfører tre verk som dei sjølv har laga. Det er tale om komponistar som kan arbeida direkte med materialet utan å måtta gå vegen om noteskriving.
Musikken er stilleflytande, endringane skjer langsamt, og fokuset ligg på klang, mikrotonalitet (tonar som ligg mellom dei svarte og kvite tangentane på pianoet) og overtonar (det vil seia dei medklingande, knapt høyrbare tonane som kling i tillegg til hovudtonen).
Lysne har bakgrunn som jazzgitarist, men her går han nye vegar. Han har gjort ei omfattande utforsking av korleis ein e-bow kan brukast. Dette er ein elektromagnetisk dings som vanlegvis blir brukt til å forlengja tonane på elgitaren, og er mykje brukt i smektande rockesoloar. Men Lysne har gått grundigare til verks og byggjer jamvel sine eigne e-bowar.
Simonsen er kjend frå Microtub – den einaste trioen i verda der alle spelar mikrotonal tuba.
I tillegg til hovudinstrumenta sine spelar dei på ei rekke andre instrument som kan forsterka denne dvelande klangutforskinga, og dei har dessutan invitert gjestene Ingar Zach (perkusjon), Vilde Sandve Alnæs (fiolin), Inga Margrethe Aas (kontrabass), Espen Reinertsen (bassklarinett) og James Patterson (horn). Men sjeldan kan ein høyra sikkert kva instrument dei ulike lydane kjem frå. Målet er å skapa eit felles lydbilete der klangane står i fokus meir enn musikaren som skaper dei.
Musikarane skriv at dei har henta impulsar frå samtidskomponistar som La Monte Young og Harry Partch, men musikken har og mykje felles med Brian Enos «ambient music» og annan alternativ elektronisk musikk med utgangspunkt i populærmusikken.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.