Altmoglegmannen
Van Dyke Parks er komponist, arrangør, pianist, trekkspelar, skodespelar, tekstforfattar og eksentrikar.
Van Dyke Parks under eit intervju med den amerikanske radiokanalen Dublab i 2014.
Einerett: Dublab
Tilrådd lytting:
Song Cycle (Warner, 1968)
Discover America (Warner, 1972)
Jump! (Warner, 1984)
Super Chief: Music For The Silver Screen (Bella Union, 2013)
Songs Cycled (Bella Union, 2013)

Korleis slå saman symfonisk pop med bluegrass, kabaretmusikk og musikalar med folkrock, karibisk psykedelia med gamle standardlåtar og filmatisk orkestermusikk til ein naturleg heilskap?
Van Dyke Parks veit svaret. Han er eit inspirerande døme på ein artist som verkeleg har tråkka sine eigne far i det vestlege musikalske terrenget, frå å vera barneskodespelar til å vera arrangør på Disney-låten frå Jungelboka, «Bare Necessities», og tekstforfattar for The Beach Boys og Brian Wilsons i mange år løynde skatt, Smile, til å vera skodespelar i mellom anna Twin Peaks og ettertrakta strykearrangør for moderne popproduksjon.
Han hadde i mange år eige kontor hjå Warner Brothers, både som låtskrivar, arrangør, talentspeidar, promotør, rådgjevar og produsent for ein rekkje artistar. For ikkje å snakka om hans eigen solokarriere og kunstnarlege verksemd, som det kjennest nesten umogleg å skrive noko kort og konsist om utan å verta totalt overflatisk.
Eksentrisk pianist
Eg hadde mi fyrste lytteoppleving med den eigenarta musikaren tidleg i tenåra, gjennom den framifrå konsertfilmen Ry Cooder & The Moula Banda Rhythm Aces: Let’s Have A Ball frå 1987. Cooder omtala Parks som ein eksentrisk pianist «with the warped sort of Percy Grainger thing that he does», med referanse til den annleistenkjande, om mogleg endå meir eksentriske australske komponisten og Grieg-venen Grainger.
Solodebut i 1968
Van Dyke Parks debuterte solo i 1968 med albumet Song Cycle, eit album som det tok fleire år å laga, og som var av dei dyraste produksjonane Warner hadde hatt for ein soloartist på den tida, med store arrangement for fullt orkester og omfattande ljodeksperiment. Albumet er særs spanande, med snirklete musikk i alle moglege stilretningar, men heile tida med ein fot i kunstpopen. Eg tilrår å lytta til albumet med god tid, over ein lang periode, for verkeleg å fatte djupna. Diverre fekk det ikkje så stor merksemd i si tid, og sett vekk frå ein del glitrande kritikkar, selde det ikkje noko særleg.
For meg er det store meisterverket til Parks Discover America, som kom ut i 1972, òg med fullt orkester, ei steeldrumgruppe frå Trinidad og mellom anna gjestemusikarane Lowell George på gitar og Richie Hayward på trommer – begge frå stjernebandet Little Feat. Noko som er verdt å merke seg både her og på dei andre albuma til Parks, er dei særs detaljerte og intrikate arrangementa, særskilt strykearrangementa, med mykje kromatikk og finurlege rytmar.
Gjekk lei
Parks hadde ikkje ein stor produksjon som soloartist når det kjem til talet på album, korkje på 1970, -80 eller 90-talet, med om lag to utgjevingar i tiåret. Etter eige utsegn gjekk han lei heile musikkbransjen ein gong på 70-talet, då ein kar med namnet Alice, som hadde ein levenda slange med seg på scena, ein dag dukka opp på kontoret hans.
Han vart etter kvart involvert i filmbransjen, og har jobba mykje som filmkomponist dei siste 40 åra, mellom anna som arrangør for meir uavhengige og alternative artistar.
I dei seinare åra har plateselskapet Bella Union gjeve nytt liv til den tidlege produksjonen hans, og samstundes sleppt to nye plater, det seinaste Songs Cycled – eit sterkt album med tekstbok og fantastiske bidrag frå anerkjende målarar i omslaget.
Stein Urheim
Stein Urheim er musikar og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.