Arkivet:
Ho dansar berre til Ernest Tubb
Loretta Lynn og 30 andre song duett på trippel-LP-en med nyinnspelte klassikarar i 1979.
Då gitarfantomet Junior Brown gav ut debutalbumet 12 Shades of Brown i 1990, var han leiar av husbandet på namngjetne Continental Club i Austin i Texas. Sjølv i ein by som er eit drivhus for strengemeistrar, skapte han sensasjon med spelet på sin sjølvbygde «guit-steel», ein tohalsa hybrid av steel- og elektrisk gitar. Med den sprengde han alle tenkelege sjangergrenser med kanonadar av surfgitarriff, Jimi Hendrix-blues, Link Wray-feedback og all slags exotica.
Men kjernerepertoaret til Brown har alltid vore tradisjonell honky tonk, western swing og rockabilly frå ølsveitte vegkroer og dansehallar. Den djupe, flate og knastørre songstilen lærte Brown av platene og TV-showa til The Texas Troubadour, Ernest Tubb, som i 1941 spelte inn «Walking the Floor Over You».
Med denne plata skapte han honky tonk-sjangeren og introduserte samstundes elektrisk gitar i countrymusikken. Gjennom heile karrieren rekrutterte Tubb dei beste av dei beste musikarane til bandet sitt. I sitt kommersielle toppår 1949 introduserte Tubb også «Blue Christmas», som han gjorde til ein honky tonk-song om avvist kjærleik. Elvis Presley-versjonen nokre år seinare var eit anerkjennande nikk til Ernest Tubb.
12 Shades of Green kom ut få år etter at Tubb var gått bort. I opningssporet «My Baby Don’t Dance to Nothing But Ernest Tubb» syner Junior Brown kor sterkt det musikalske avtrykket hans var.
Øyvind Pharo
Øyvind Pharo er litteraturvitar, musikkskribent og DJ.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Då gitarfantomet Junior Brown gav ut debutalbumet 12 Shades of Brown i 1990, var han leiar av husbandet på namngjetne Continental Club i Austin i Texas. Sjølv i ein by som er eit drivhus for strengemeistrar, skapte han sensasjon med spelet på sin sjølvbygde «guit-steel», ein tohalsa hybrid av steel- og elektrisk gitar. Med den sprengde han alle tenkelege sjangergrenser med kanonadar av surfgitarriff, Jimi Hendrix-blues, Link Wray-feedback og all slags exotica.
Men kjernerepertoaret til Brown har alltid vore tradisjonell honky tonk, western swing og rockabilly frå ølsveitte vegkroer og dansehallar. Den djupe, flate og knastørre songstilen lærte Brown av platene og TV-showa til The Texas Troubadour, Ernest Tubb, som i 1941 spelte inn «Walking the Floor Over You».
Med denne plata skapte han honky tonk-sjangeren og introduserte samstundes elektrisk gitar i countrymusikken. Gjennom heile karrieren rekrutterte Tubb dei beste av dei beste musikarane til bandet sitt. I sitt kommersielle toppår 1949 introduserte Tubb også «Blue Christmas», som han gjorde til ein honky tonk-song om avvist kjærleik. Elvis Presley-versjonen nokre år seinare var eit anerkjennande nikk til Ernest Tubb.
12 Shades of Green kom ut få år etter at Tubb var gått bort. I opningssporet «My Baby Don’t Dance to Nothing But Ernest Tubb» syner Junior Brown kor sterkt det musikalske avtrykket hans var.
Øyvind Pharo
Øyvind Pharo er litteraturvitar, musikkskribent og DJ.
Fleire artiklar
Cissy Houston
Wikimedia Commons
Arkivet: Emily «Cissy» Houston (1933–2024)
Berlin: Med bandet kring seg står Bob Dylan ved flygelet og spelar munnspel.
Foto: Håvard Rem
Som å lesa ei bok
Dylan (83) vert eldre, men skriv og syng betre.
Teikning: May Linn Clement
«Øving er ei form for arbeid, og sanneleg heng øva etymologisk saman med latin opus (‘arbeid, verksemd’).»
Det var ein fiskar som oppdaga kvalflokken denne fredagsmorgonen, og så gjekk alarmen. Det blei bestemt at han skulle takast inn til Hvannasund. Der venta om lag hundre menneske som var varsla gjennom ei lukka gruppe på Facebook.
Alle foto: Hallgeir Opedal
Grinda kjem!
I dag har eg vore med på å drepe 220 grindkvalar. Ja, mogleg det var 230, eg mista teljinga.
Filmen følgjer Lunies-familien, som har vore splitta i lang tid.
Foto: Selmer Media