Arkivet: Den genuine kosmiske Texas-grooven
«Ikkje visste eg at LP-en Groover’s Paradise skulle få mytisk status.»
Den kosmiske cowboyen Doug Sahm øvst i venstre hjørne, teikna av Kerry Awn.
Ikkje visste eg at LP-en Groover’s Paradise skulle få mytisk status då eg kjøpte han for femti år sidan, men eg skreiv innkjøpsdagen 1. oktober 1974 på coveret. Eg var blodfan av songaren, låtskrivaren og multiinstrumentalisten Doug Sahm som var frå San Antonio, men flytta til Austin, der han blei den sentrale musikaren.
Groover’s Paradise var namnet han brukte om sørsida av Texas-hovudstaden med alle klubbane, det kalde ølet, weeden og jenta han kalla the guacamole queen, og som songane på plata handlar om.
Warner Records greidde ikkje marknadsføre den sjangeroverskridande, eklektiske vibben hans av jazz, country, rhythm & blues, salsa, cajun, conjunto og rock and roll. Bakt saman av ei gruppe han kalla The Tex Mex Trip, med berre to andre musikarar frå Texas. Dei fleste var frå California, ikkje minst rytmeseksjonen frå oppløyste Creedence Clearwater Revival.
Etter at han døydde i 1999, har Sahm blitt hylla som gudfar både for americana og for Austin som live music capital of the world.
Doug Sahms kule paradis blei udøyeleggjord i omslagsillustrasjonen til Kerry Awn Fitzgerald, og prydar sjølvsagt nyutgjevinga på oransje vinyl som kom for eit par år sidan.
Øyvind Pharo
Øyvind Pharo er litteraturvitar, musikkskribent og DJ.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Ikkje visste eg at LP-en Groover’s Paradise skulle få mytisk status då eg kjøpte han for femti år sidan, men eg skreiv innkjøpsdagen 1. oktober 1974 på coveret. Eg var blodfan av songaren, låtskrivaren og multiinstrumentalisten Doug Sahm som var frå San Antonio, men flytta til Austin, der han blei den sentrale musikaren.
Groover’s Paradise var namnet han brukte om sørsida av Texas-hovudstaden med alle klubbane, det kalde ølet, weeden og jenta han kalla the guacamole queen, og som songane på plata handlar om.
Warner Records greidde ikkje marknadsføre den sjangeroverskridande, eklektiske vibben hans av jazz, country, rhythm & blues, salsa, cajun, conjunto og rock and roll. Bakt saman av ei gruppe han kalla The Tex Mex Trip, med berre to andre musikarar frå Texas. Dei fleste var frå California, ikkje minst rytmeseksjonen frå oppløyste Creedence Clearwater Revival.
Etter at han døydde i 1999, har Sahm blitt hylla som gudfar både for americana og for Austin som live music capital of the world.
Doug Sahms kule paradis blei udøyeleggjord i omslagsillustrasjonen til Kerry Awn Fitzgerald, og prydar sjølvsagt nyutgjevinga på oransje vinyl som kom for eit par år sidan.
Øyvind Pharo
Øyvind Pharo er litteraturvitar, musikkskribent og DJ.
Fleire artiklar
Cissy Houston
Wikimedia Commons
Arkivet: Emily «Cissy» Houston (1933–2024)
Berlin: Med bandet kring seg står Bob Dylan ved flygelet og spelar munnspel.
Foto: Håvard Rem
Som å lesa ei bok
Dylan (83) vert eldre, men skriv og syng betre.
Teikning: May Linn Clement
«Øving er ei form for arbeid, og sanneleg heng øva etymologisk saman med latin opus (‘arbeid, verksemd’).»
Det var ein fiskar som oppdaga kvalflokken denne fredagsmorgonen, og så gjekk alarmen. Det blei bestemt at han skulle takast inn til Hvannasund. Der venta om lag hundre menneske som var varsla gjennom ei lukka gruppe på Facebook.
Alle foto: Hallgeir Opedal
Grinda kjem!
I dag har eg vore med på å drepe 220 grindkvalar. Ja, mogleg det var 230, eg mista teljinga.
Filmen følgjer Lunies-familien, som har vore splitta i lang tid.
Foto: Selmer Media