Arkivet: Den modige ironikaren
«Den vakre og brutale songsyklusen om sørstatane opnar med 'Rednecks' – om rasismen i sør og den hyklerske antirasismen i nord.»
Randy Newman vann i 2011 Oscar for beste originale song med «We Belong Together» frå filmen Toy Story 3.
Foto: Mike Blake / Reuters / NTB
Randy Newman hadde vore profesjonell låtskrivar i mange år då han i 1968 debuterte som songar og pianist med satiriske tekstar skrivne frå perspektivet til personar som ikkje kan forvekslast med han sjølv. Låtane arrangerte han med strykarensemble i filmmusikalsk stil.
Stilen hadde han lært av onkelen Alfred Newman, musikalsk leiar i Twentieth Century Fox, med det beste studioorkesteret i Hollywood.
Nevøen skulle sjølv bli ein feira filmkomponist med Oscar for soundtracket til Toy Story, men på vegen dit gav han i 1974 ut milepåle-albumet Good Old Boys som kjennest enda meir relevant i dag. Den vakre og brutale songsyklusen om sørstatane opnar med «Rednecks» – om rasismen i sør og den hyklerske antirasismen i nord med storbygettoar og strukturell rasisme. Og han bruker n-ordet: «Down here we’re too ignorant to realize/ that the North has set the N... free.»
Statsvitaren Randy Newman på dette albumet: «Lester Maddox er kanskje ein tulling, men han er vår tulling.»
Newman skreiv songen etter å ha sett talkshowverten Dick Cavett gjere narr av gjesten sin, den rasistiske Georgia-guvernøren Lester Maddox. Dette og mykje anna står å lese i den ferske Randy Newman-biografien A Few Words in Defense of Our Country, skriven av Robert Hilburn. Ikkje nokon dårleg presang for Newman, som blir 80 år 28. november.
Øyvind Pharo
Øyvind Pharo er litteraturvitar, musikkskribent og DJ.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Randy Newman hadde vore profesjonell låtskrivar i mange år då han i 1968 debuterte som songar og pianist med satiriske tekstar skrivne frå perspektivet til personar som ikkje kan forvekslast med han sjølv. Låtane arrangerte han med strykarensemble i filmmusikalsk stil.
Stilen hadde han lært av onkelen Alfred Newman, musikalsk leiar i Twentieth Century Fox, med det beste studioorkesteret i Hollywood.
Nevøen skulle sjølv bli ein feira filmkomponist med Oscar for soundtracket til Toy Story, men på vegen dit gav han i 1974 ut milepåle-albumet Good Old Boys som kjennest enda meir relevant i dag. Den vakre og brutale songsyklusen om sørstatane opnar med «Rednecks» – om rasismen i sør og den hyklerske antirasismen i nord med storbygettoar og strukturell rasisme. Og han bruker n-ordet: «Down here we’re too ignorant to realize/ that the North has set the N... free.»
Statsvitaren Randy Newman på dette albumet: «Lester Maddox er kanskje ein tulling, men han er vår tulling.»
Newman skreiv songen etter å ha sett talkshowverten Dick Cavett gjere narr av gjesten sin, den rasistiske Georgia-guvernøren Lester Maddox. Dette og mykje anna står å lese i den ferske Randy Newman-biografien A Few Words in Defense of Our Country, skriven av Robert Hilburn. Ikkje nokon dårleg presang for Newman, som blir 80 år 28. november.
Øyvind Pharo
Øyvind Pharo er litteraturvitar, musikkskribent og DJ.
Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.