Arkivet: Emily «Cissy» Houston (1933–2024)
Cissy Houston
Wikimedia Commons
Under depresjonen i USA forlét familien Drinkard heimen i Georgia og drog til New Jersey, der Emily, som åttande barn, kom til verda. Som så mange i slekta hadde ho musikaliteten i gåve og song saman med Mahalia Jackson i The Drinkard Singers, som var første svarte gospelgruppe på eit storselskap med plateutgjeving i 1957.
Åtte år gammal blei Emily morlaus og flytta til ei eldre søster som var mor til Dee Dee og Dionne, seinare med etternamnet Warwick. Saman var dei bakgrunnsvokalistar på hundrevis av pop-, rhythm & blues- og soulinnspelingar i New York. I 1963 slo Dionne igjennom som soloartist, og Emily med artistnamnet Cissy overtok som leiar i gruppa. Same året fekk ho dottera Whitney med ektemannen John R. Houston jr.
Songgruppa blei til The Sweet Inspirations, og på innspelinga av Aretha Franklins Lady Soul i 1967 er dei uovervinnelege på «Chain of Fools» og «You Make Me Feel (Like A Natural Woman)». Gruppa spelte inn eigne album, og på det første kan ein høyre magiske «Sweet Inspiration». Sopranen til Cissy føregrip røysta til dottera, som døydde altfor ung.
Då Cissy Houston (91) døydde 7. oktober, måtte eg tenke på «Mother and Child Reunion», duetten hennar med Paul Simon.
Øyvind Pharo
Øyvind Pharo er litteraturvitar, musikkskribent og DJ.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Under depresjonen i USA forlét familien Drinkard heimen i Georgia og drog til New Jersey, der Emily, som åttande barn, kom til verda. Som så mange i slekta hadde ho musikaliteten i gåve og song saman med Mahalia Jackson i The Drinkard Singers, som var første svarte gospelgruppe på eit storselskap med plateutgjeving i 1957.
Åtte år gammal blei Emily morlaus og flytta til ei eldre søster som var mor til Dee Dee og Dionne, seinare med etternamnet Warwick. Saman var dei bakgrunnsvokalistar på hundrevis av pop-, rhythm & blues- og soulinnspelingar i New York. I 1963 slo Dionne igjennom som soloartist, og Emily med artistnamnet Cissy overtok som leiar i gruppa. Same året fekk ho dottera Whitney med ektemannen John R. Houston jr.
Songgruppa blei til The Sweet Inspirations, og på innspelinga av Aretha Franklins Lady Soul i 1967 er dei uovervinnelege på «Chain of Fools» og «You Make Me Feel (Like A Natural Woman)». Gruppa spelte inn eigne album, og på det første kan ein høyre magiske «Sweet Inspiration». Sopranen til Cissy føregrip røysta til dottera, som døydde altfor ung.
Då Cissy Houston (91) døydde 7. oktober, måtte eg tenke på «Mother and Child Reunion», duetten hennar med Paul Simon.
Øyvind Pharo
Øyvind Pharo er litteraturvitar, musikkskribent og DJ.
Fleire artiklar
Cissy Houston
Wikimedia Commons
Arkivet: Emily «Cissy» Houston (1933–2024)
Berlin: Med bandet kring seg står Bob Dylan ved flygelet og spelar munnspel.
Foto: Håvard Rem
Som å lesa ei bok
Dylan (83) vert eldre, men skriv og syng betre.
Teikning: May Linn Clement
«Øving er ei form for arbeid, og sanneleg heng øva etymologisk saman med latin opus (‘arbeid, verksemd’).»
Det var ein fiskar som oppdaga kvalflokken denne fredagsmorgonen, og så gjekk alarmen. Det blei bestemt at han skulle takast inn til Hvannasund. Der venta om lag hundre menneske som var varsla gjennom ei lukka gruppe på Facebook.
Alle foto: Hallgeir Opedal
Grinda kjem!
I dag har eg vore med på å drepe 220 grindkvalar. Ja, mogleg det var 230, eg mista teljinga.
Filmen følgjer Lunies-familien, som har vore splitta i lang tid.
Foto: Selmer Media