Arkivet: Love Me Do
Foto: Delbert McClinton Personal Archives

TV-konserten til The Beatles på Ed Sullivan Show i 1964 var den største rock’n’roll-hendinga sidan Elvis i 1956. I april hadde The Beatles hatt dei første fem plassane på Billboards Hot 100, og dei toppa listene i 14 veker til Louis Armstrong vikarierte ei veke med nostalgiske «Hello Dolly!» frå Broadway-musikalen.
The Beatles kom snøgt tilbake på toppen med «Love Me Do», som dei hadde debutert med i England to år tidlegare. Låta har nesten same munnspelintro som «Hey! Baby!», ein av dei største internasjonale hitlåtane det året. Songaren Bruce Channel hadde den framtidige rootsstjerna Delbert McClinton på munnspel. Channel blei invitert til å spele i England med eit lokalt band, men han insisterte på å ha med McClinton, for han visste at munnspelet hans gjorde låta.
I Liverpool og badebyen New Brighton hadde dei to texanarane The Beatles som oppvarmingsband. «Love Me Do» var ikkje gitt ut enno, og Lennon var nysgjerrig på munnspelteknikken til McClinton. Han nektar for at han lærte Lennon noko som helst: «Eg viste han korleis eg spelte.» Derimot fortel han i biografien sin One of the Fortunate Few at 22-åringane blei gode vener, og Lennon viste han Liverpool by night. Det sette han nok pris på, den festglade munnspelaren.
Øyvind Pharo
Øyvind Pharo er litteraturvitar, musikkskribent og DJ.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

SKULE. Kring 1450 måla Isefjordmeisteren Jesu første skuledag i kalktaket i Tuse kyrkje på Jylland. Det ville vore historisk rettare med skriftrullar av papyrus enn bøker av pergament, som prega samtida til kunstnaren.
Foto: Kalkmalerier.dk
Skrifthistorier: Ottar Grepstad skriv om makta i skrift gjennom tusenår.
Den tyske fotografen og filmskaparen Leni Riefenstahl saman med blant andre Adolf Hitler.
Foto: NTB
Kvart år får eit knippe filmkritikarar presentera ein utvald film på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Eg valde ein dokumentar som etter nok eit gjensyn gjer meg usikker og fascinert.
Bollar til alle – alltid: Her er det sjølvaste Slottet som deler ut 3400 bollar i høve eit kongeleg jubileum.
Foto: Lise Åserud / NTB
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.
Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB
Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?
Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.