Arkivet: Regnfrakken i elva
Sidan Nick Lowe nyleg har sleppt det særs vellukka albumet Indoor Safari, tillèt eg meg å skrive om han for andre gong på to månader. Med ekspedisjonsfølgje i det amerikanske surfbandet Los Straitjackets drar den soniske safarien gjennom ti eigne songar pluss to gløymde juvelar frå tidleg soulmusikk. Stoff for Arkivet.
«A Quiet Place» er ein oppfølgjar til Garnett Mimms & the Enchanters’ soulhistoriske hit «Cry Baby», som mange kjenner som coverlåt på Pearl-LP-en til Janis Joplin frå 1971. Songen har eit samfunnskritisk blikk på trongbudd ghettotilvære og blei skriven av Jerry Ragovoy alias Norman Meade og utgitt i 1964. Lowe tilfører songen kledeleg melankoli.
«Raincoat in the River» er skriven av Aaron Schroeder, som har 1500 songar på samvitet, derav fem nr. 1-songar for Elvis Presley inkludert «It’s Now Or Never (O Sole Mio)»! Men regnfrakken i elva blei ingen seljar i 1961, trass i at fløyelssongaren Sammy Turner var popstjerne med R&B-versjonar av gamle travarar som «Lavender Blue» og «Always», og trass i at det er lett å høyre at produsenten var sjølvaste Phil Spector.
Ære vere Nick Lowe for å ha redda denne songen frå evig gløymsle. Regnfrakken går det dårlegare med.
Øyvind Pharo
Øyvind Pharo er litteraturvitar, musikkskribent og DJ.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Sidan Nick Lowe nyleg har sleppt det særs vellukka albumet Indoor Safari, tillèt eg meg å skrive om han for andre gong på to månader. Med ekspedisjonsfølgje i det amerikanske surfbandet Los Straitjackets drar den soniske safarien gjennom ti eigne songar pluss to gløymde juvelar frå tidleg soulmusikk. Stoff for Arkivet.
«A Quiet Place» er ein oppfølgjar til Garnett Mimms & the Enchanters’ soulhistoriske hit «Cry Baby», som mange kjenner som coverlåt på Pearl-LP-en til Janis Joplin frå 1971. Songen har eit samfunnskritisk blikk på trongbudd ghettotilvære og blei skriven av Jerry Ragovoy alias Norman Meade og utgitt i 1964. Lowe tilfører songen kledeleg melankoli.
«Raincoat in the River» er skriven av Aaron Schroeder, som har 1500 songar på samvitet, derav fem nr. 1-songar for Elvis Presley inkludert «It’s Now Or Never (O Sole Mio)»! Men regnfrakken i elva blei ingen seljar i 1961, trass i at fløyelssongaren Sammy Turner var popstjerne med R&B-versjonar av gamle travarar som «Lavender Blue» og «Always», og trass i at det er lett å høyre at produsenten var sjølvaste Phil Spector.
Ære vere Nick Lowe for å ha redda denne songen frå evig gløymsle. Regnfrakken går det dårlegare med.
Øyvind Pharo
Øyvind Pharo er litteraturvitar, musikkskribent og DJ.
Fleire artiklar
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.
Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.
Foto frå filmen
Filmglede
Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.
Albumet som no er ute, tek utgangspunkt i spesifikke Aphex Twin-konsertar.
Skjermdump frå YouTube
Raritetar i utval
Enkeltpersonorkesteret Aphex Twin samlar «djupe kutt» i utval til glede for store og små.
Den svenske Duo SolRoos, med luttspelaren Dohyo Sol og blokkfløytisten Emilie Roos.
Foto: Alf Ljungquist
Meistermøtet
Duo SolRoos gjev oss atterklangar av Weiss og Bach i samspel.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?