Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

Bak scenen

Ein ny tv-dokumentar slepper sjåaren inn i Bruce Springsteens øvingslokale.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
I dokumentarfilmen seier Bruce Springsteen at han vil halde fram med å spele tre timars konsertar.

Foto: Disney +

3736
20241025
3736
20241025

Dokumentarfilm

Regi: Thom Zimny

Road Diary: Bruce Springsteen and the E Street Band

Disney +, USA 2024

Korleis er det eigentleg skrudd saman, dette maskineriet, korleis fungerer alt så perfekt? Dei som fortumla har funne vegen ut frå konsertområdet etter ei av Bruce Springsteen sine maratonøkter og stilt seg dette spørsmålet, ør av lukka som brusar gjennom folkemengda, vil kunne få nokre svar om dei ser Road Diary, ein ny fjernsynsdokumentar om turnésirkuset som omgir artisten og hans høgt elska E Street Band.

Regissør Thom Zimny har hatt tilgang til Springsteens inste krins og det ein vel kan kalle Springsteen-industrien fleire gonger før, og leverer det som vert forventa både av dei som bestiller og av publikum – ei stødig, velfrisert, interessant framstilling som kjem eksklusivt tett på aktørane, utan store overraskingar.

Perfeksjonist

For Road Diary vil det seie at vi får vere med inn i lokalet og sjå Springsteen og bandet øve før dei siste verdsturneane gjekk i gang. Heilt først er dei smårustne etter årevis med pandemi, men desto større er tørsten etter å spele og å vere mellom folk. Springsteens omhyggelege arbeid med å forme settlista får plass, og det overraskar ikkje at mannen er perfeksjonist alt frå første stund.

Ingenting er tilfeldig, for dei som måtte tru det. Ein konsert er også ei forteljing, får vi høyre – om kven hovudpersonen er no, i denne fasen av livet. Rekkjefølgja til songane utgjer til saman eit større narrativ, og dette rammar også inn Road Diary, på sitt vis. Sjølv om denne tenkjemåten har kjenneteikna Springsteen som konsertartist lenge, har han vorte spissa av showet han gjorde på Broadway, kveld etter kveld.

Parallelt med dette postpandemiske utgangspunktet fortel filmen om eit konsertliv som har vart i fem tiår, og godbitane, både når det gjeld arkivopptak og anekdotar, er ikkje få. Heilt først var bilane knapt køyrbare, overnattingane var kummerlege, og saksofonist Clarence Clemons (1942–2011) steikte egg og bacon til heile gjengen til frukost. Det er lenge sidan no, gitt! Slik vert Road Diary også ei forteljing om venskap, kameratskap og speleglede, og ikkje minst, etter kvart som fansen også slepp til i siste del av filmen, om det unike fellesskapet som omgir Springsteen-turneane.

Vil ikkje skuffe fansen

Eg høyrer til mellom dei som kom meg på konsert både i fjor og i år, og det er spennande å høyre – frå dei som er på innsida av dette sirkuset – om korleis dynamikken og kommunikasjonen føregår på scenen. You just have to watch him, heiter det om sjefen sjølv, som tidvis gir beskjed og hintar med ganske så subtil mimikk og gestikk. Når Springsteen vert spurd, ganske tidleg i filmen, om ikkje han vil skalere ned litt, om ikkje alderdomen etter kvart opnar for noko anna enn desse tre timars energiutladningane han og bandet er så kjende for, så er svaret kategorisk nei. Kan ikkje skuffe fansen, goddammit!

Logikken er at dei som har høyrt om bandet sine konsertar i glansdagane, skal få ein smak på korleis det var, vert det sagt. Max Weinberg, som har spelt trommer i bandet i femti år, fortel at han aldri har vorte møtt av eit meir engasjert publikum enn desse siste åra, då pandemien har skapt ein eigen tørst. Formatet gir meining, i møte med forventningane som rår. Men denne sjåaren spør seg likevel, når rulleteksten kjem, om Springsteen, som nett fylte 75 år, bør kunne opne for at ein konsert med han i åra som kjem, kan vere noko anna og langt meir nedpå – ein mellomting mellom intime Broadway-show og medrivande arenaøkter. Eg har trua.

Øyvind Vågnes

Øyvind Vågnes er forfattar, professor ved Universitetet i Bergen, og fast musikkskribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Samfunn

Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Eva Aalberg Undheim

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis