Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

Bass i norsk og balkansk landskap

Signe Førre med vener overraskar.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Signe Førres første plate er balkaninspirert.

Foto: Terje Nesthus

1619
20250103
1619
20250103

Jazz / Folkemusikk

Signe Førre:

Fagert

Signe Førre, bass og vokal; Torbjørn Økland, gitar, trompet, mandolin og bouzouki; Jo Asgeir Lie, trekkspel; Kåre Opheim, trommer og perkusjon.
Ta:lik

Voss er ei bygd som opp gjennom åra har fostra ei rekke dyktige folke- og jazzmusikarar. Og bassisten Signe Førre, som no kjem med si første plate, er den siste i rekka. Saman med eit dyktig lag har ho laga ei plate der dei tek utgangspunkt i folkemusikken frå Noreg og Balkan.

Den balkanske musikken har smelta Førres hjarte. Så langt tilbake som ho kan hugsa, har tonespråket og rytmen frå Aust-Europa vore til stades i medvitet hennar. Den opne og inkluderande nyfikna som møtte Signe, gjorde sitt til at dragninga mot den balkanske kulturen festa seg hjå den unge bassisten.

Vi får låtar frå Balkan pluss nokre norske og relativt kortreiste melodiar, mellom anna den lokale «Fagert i Finneloftet». Sjølv har Førre komponert «Galápagos» og «På vandring», pluss at ho har laga «Skjulte toner» med tekst av diktaren Johan Sebastian Welhaven.

Frå starten, med den serbiske «Ajde Jano», til dei avsluttar med den tradisjonelle «Ingen vinner fram», er dette ei fin plate, der Førre leier an med fint basspel og med gode musikalske vener som forstår kor ho vil med musikken sin.

Høgdepunkta står i kø, og heile utgjevinga er eit godt døme på at avstanden mellom den musikalske tradisjonen hos oss her oppe i nord og tradisjonane lenger sør i Europa ikkje er så stor.

Jan Granlie

Jan Granlie er redaktør i musikktidsskriftet Salt peanuts* og frilans kulturarbeidar.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Samfunn

Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Eva Aalberg Undheim

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis