Blå sirkel
Johanna Reine-Nilsen platedebuterer med eit sterkt album.
Johanna Reine-Nilsen er songar, musikar og låtskrivar.
Foto:
Rock / jazz
Johanna Reine-Nilsen:
Blue Circle
Fjordgatskapea Records
Wow, tenkte eg etter første gjennomlytting av Blue Circle, debutalbumet til Johanna Reine-Nilsen. Her dreier det seg verkeleg om solid handverk i alle ledd, i komposisjonane, tekstane og det musikalske. For ein pangstart som plateartist!
Reine-Nilsen er eit nytt namn for meg. Ho kjem frå Oslo, men har dei siste åra halde til i Trondheim, der ho har gått på byens vidgjetne jazzlinje og fullført ein bachelorgrad i faget utøvande jazzvokal. Kanskje somme av lesarane har høyrt henne før, for våren 2022 turnerte Reine-Nilsen med kullet sitt, mellom anna med konsert på Vossa Jazz. På forsommaren var ho ein del av Tónleik jazzfest på Victoria Jazzscene i Oslo.
Blue Circle byr på eit møte med songaren, musikaren og ikkje minst låtskrivaren Reine-Nilsen. Ho syng sine eigne songar, spelar piano og akustisk gitar og har med seg eit framifrå band der alle, etter det eg forstår, har bakgrunn frå same kullet ved NTNU. Ola Erlien er subtilt, men tydeleg til stades på gitarar, ikkje minst på songar som «Swimming Pool», «Part Time» og med gneistrande virtuositet på «Help Me».
Kompet, med Eskil Elias Foyn Bruntvedt på bassgitar og Veslemøy Narvesen på trommer, er mjukt og lydhøyrt og skapar ei fin rørsle i uttrykket, som er jazza nok til å romme til dømes ein snerten bassolo frå førstnemnde i «Swimming Pool». Multitalentet Narvesen dukkar også opp på akustisk gitar, sag og piano.
Viktig er det elles at alle medverkar til dei nydelege og sofistikerte vokalharmoniane som gjennomgåande får prege Blue Circle, frå og med opningssporet «Heavy».
«Heavy» er rotfesta i americanatradisjonen i brei forstand, med klangbotnar som kan sende tankane til mange store singer-songwriters. (Eg skal ikkje nemne namn.) Men elles er det lett å høyre at dette er musikarar som kan utfalde seg i eit jazzformat. Dette gjeld også Reine-Nilsens røyst. Lytt til dømes til «She». Kven veit kva denne gjengen kan finne på på neste album?
Melankolien som får prege denne utgivinga, er allereie på plass i tittelens blå sirkel. I «She» får vi høyre om det å kjenne seg som «alt det blåe imellom», medan «Help Me» ganske rett fram er ei bøn om hjelp. Finst det ein ny måte å vere seg sjølv på? Spørsmålet dirrar gjennom meir enn éin song på Blue Circle, som i «Day and Night», som skildrar korleis det er å vere eit menneske i endring.
Eit sentralt innslag i desse eksistensielle songane er elles dei direkte referansane til samanhengen mellom liv og song, som er samanfiltra for subjektet. På den eine sida er komposisjonane i seg sjølve uttrykk for ein låtskrivar medviten om talentet sitt, til dømes i den friske biletbruken – jamfør ideen om å fylle eit svømmebasseng med alle dei negative kjenslene i «Swimming Pool».
På den andre sida krev songane sitt. «I used to write songs, but it’s been making me a little ill», heiter det i tittelsporet, som avsluttar dette markante albumet eg håpar mange vil sjekke ut.
Øyvind Vågnes
Øyvind Vågnes er forfattar, professor ved Universitetet i Bergen og fast musikkskribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.