Bop à la Monk
Det er noko traust over musiseringa til Dalane-kvintetten.
Petter Dalane (i midten) med kvintetten sin. Plateomslaget er «Beethovens katt» (1979) av Oddvar Torsheim.
Foto: Sigrid Erdal
Jazz
Petter Dalane Quintet:
Petter Dalane Quintet
Øyvind Mathisen, trompet; Erlend Vangen Kongstorp, saksofon; Petter Dalane, piano; Alexander Riris, bass; Martin Mellem, trommer. Fjordgata Records
Petter Dalane Quintet spelar musikk ein mest aldri høyrer på konsertar no om dagen. Det er noko så sjeldan som ei innspeling med 1950-talsbop sterkt inspirert av pianisten og komponisten Thelonius Monk. Alle dei sju låtane er skrivne av Dalane, og her finn ein alt frå intrikate melodilinjer i raskt tempo («Dalane’s Dream») til lyriske balladar («Urtid»). Pianostilen til Dalane er også sterkt influert av Monk.
Intensjonen med innspelinga er ifølge Dalane å utforska det mystiske landskapet han kallar «monksk bebop». Det er ei krevjande oppgåve. Han har med seg fire musikantar som kjenner til og kjenner seg vel i stilen. Naturleg nok er det dei to blåsarane og Dalane sjølv som er hovudsolistar. Alle tre leverer kor det er verdt å lytta til, men innimellom kjenner eg på at denne delen av musiseringa kunne ha vore stramma inn. Likevel lèt eg meg både overraska og sjarmera av saksofonspelet til Kongtorp.
Trass i flotte låtar og mykje flott spel saknar eg fleire arrangementsmessige grep og ein del detaljar i samspelet som tyder på at kvintetten har jobba mykje med å koma skikkeleg på innsida av stoffet og tradisjonen. Petter Dalane skal ha for at han, som ein av få, freistar å halda liv i ein del av jazztradisjonen, men han kan gjerne utfordra seg sjølv og medmusikarane endå djervare neste gong.
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er frilans journalist og fast jazzmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Jazz
Petter Dalane Quintet:
Petter Dalane Quintet
Øyvind Mathisen, trompet; Erlend Vangen Kongstorp, saksofon; Petter Dalane, piano; Alexander Riris, bass; Martin Mellem, trommer. Fjordgata Records
Petter Dalane Quintet spelar musikk ein mest aldri høyrer på konsertar no om dagen. Det er noko så sjeldan som ei innspeling med 1950-talsbop sterkt inspirert av pianisten og komponisten Thelonius Monk. Alle dei sju låtane er skrivne av Dalane, og her finn ein alt frå intrikate melodilinjer i raskt tempo («Dalane’s Dream») til lyriske balladar («Urtid»). Pianostilen til Dalane er også sterkt influert av Monk.
Intensjonen med innspelinga er ifølge Dalane å utforska det mystiske landskapet han kallar «monksk bebop». Det er ei krevjande oppgåve. Han har med seg fire musikantar som kjenner til og kjenner seg vel i stilen. Naturleg nok er det dei to blåsarane og Dalane sjølv som er hovudsolistar. Alle tre leverer kor det er verdt å lytta til, men innimellom kjenner eg på at denne delen av musiseringa kunne ha vore stramma inn. Likevel lèt eg meg både overraska og sjarmera av saksofonspelet til Kongtorp.
Trass i flotte låtar og mykje flott spel saknar eg fleire arrangementsmessige grep og ein del detaljar i samspelet som tyder på at kvintetten har jobba mykje med å koma skikkeleg på innsida av stoffet og tradisjonen. Petter Dalane skal ha for at han, som ein av få, freistar å halda liv i ein del av jazztradisjonen, men han kan gjerne utfordra seg sjølv og medmusikarane endå djervare neste gong.
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er frilans journalist og fast jazzmeldar i Dag og Tid.
Fleire artiklar
Reisande på Gardermoen i juni i år. Oslo lufthamn er i særklasse den mest lønsame flyplassen Avinor driv. Dei aller fleste norske flyplassane går med underskot.
Foto: Javad Parsa / NTB
Avinor-krisa tok ikkje slutt da pandemitiltaka gjorde det. Kan det vere styringsmodellen det er noko gale med?
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
FN-soldatane er det internasjonale samfunnets gissel mellom Israel og Hizbollah, seier Robert Mood.
Vladimir Putin har grunn til å vera nøgd med stoda i krigen i Ukraina.
Brosundet i jugendbyen Ålesund.
Foto: Halvard Alvik / NTB
Opprør utan variasjon og dekor
«Opprørarane sveisar fast at berre den typen arkitektur opprørarane sjølve godtek, er kultur.»
Han Kang er den fyrste sørkorearen som vinn Nobelprisen i litteratur.
Foto: Yonhap News Agency / NTB
«Det er språkarbeidet og dei poetiske scenene, som råkar lesaren.»
Sørkoreanaren Han Kang får Nobels litteraturpris for 2024