JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

Det som finst, her og no

Beth Gibbons gir ut si første soloplate med eigenkomponerte songar.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Beth Gibbons har henta mykje frå eige liv i arbeidet med det nye albumet.

Foto: Netti Habel

4052
20240510
4052
20240510

Rock

Beth Gibbons:

Lives Outgrown

Domino/Playground

Eg hoppa i stolen då «Floating on a Moment», den første, slåande singelen frå Lives Outgrown, det nye albumet til Beth Gibbons, dukka opp. Så kryssa eg av utgivingsdatoen i kalenderen. Det var eg neppe åleine om. Det dreier seg om første soloplate med eigne komposisjonar frå vokalisten mange lesarar vil kjenne frå Portishead, som gav ut tre album på 1990- og 2000-talet.

Lives Outgrown er produsert av Gibbons og James Ford (Arctic Monkeys, Depeche Mode), med noko ytterlegare produksjonsarbeid gjort av Lee Harris (Talk Talk), og denne trioen utgjer også kjernen i albumet.

Detaljar

Ford er albumets sentrale musikar, han er med på alskens instrument, gjerne ei heil lita rekkje på kvart einaste spor. Å lytte til «Floating on a Moment» og å lese omslagsheftet er å oppdage, strofe for strofe, alt han medverkar med av små og store detaljar. Korleis hadde avsluttande «Whispering Love» vore utan fløytespelet hans?

Harris er med på trommer og perkusjon (og dukkar opp på fløyte og mellotron), og han har vore med på å føre albumet fram frå den tidlegaste fasen – han er kreditert som medkomponist på noko av materialet. Raven Bush dukkar opp på fiolin og bratsj (og manar fram noko Velvet Underground-sk på «Whispering Love»).

Dei som kjem innom, har også eit avgjerande avtrykk. Howard Jacobs, som er med på eitt spor – «Reaching Out» – definerer lydbiletet ved å traktere fleire blåseinstrument. Elles er ei rekkje songarar med og korar, eit viktig element på Lives Outgrown, og strykarar og blåsarar ved Orchestrate spelar ei sentral rolle på fleire spor.

Uventa ekko

Eg er vel neppe åleine om å høyre ekko frå både venta og uventa stader, som når gammal Pink Floyd kling med på «Lost Changes». Det står fram som ein meditasjon over den vedvarande rekkja av omslag som definerer menneskelivet: «Time changes/ Life changes/ Is what changes things». Her går orda til Gibbons i sirkel, den neste strofa sluker den førre, idet endring fører med seg endring – det er elegant, men ikkje for fikst.

Ny musikk frå eller med Beth Gibbons er ei sjeldan gåve. Sist eg høyrde henne, dukka ho opp på Kendrick Lamars Mr. Morale and the Big Steppers (2022), men denne gongen er ho altså ikkje gjest i nokre små minutt. Lives Outgrown, som er laga i løpet av ein periode på ti år, rommar heile ti splitter nye songar.

Førehandsomtalane fortel at artisten, som fyller 60 år i 2025, har henta mykje frå sitt eige liv i arbeidet med Lives Outgrown, og helst då dei innsiktene som kjem når ein er komen meir enn halvvegs ned livets krunglete veg. Låtane rommar tema som det å vere mor, angst, overgangsalder, og det faktum at livets ende er noko ein i aukande grad får auge på i horisonten. Familie og venner fell bort og gjer innsikta uunngåeleg: «All we have is here and now», heiter det, fleire gonger, idet «Floating on a Moment» munnar ut.

Djupt alvor

Hjartet mitt er trøytt og slite, syng Gibbons på «Oceans». Eit djupt og kompromisslaust alvor kjenneteiknar altså Lives Outgrown. Albumet opnar likevel andre avgrunnar enn det Dummy gjorde, debutalbumet til Portishead som fyller tjue år i 2024. Lydbiletet er jordnært, med eit strøk av det rustikke, og slik sett eit stykke frå nattklubbar og DJ-ar.

Alt dette reflekterer vel at livets andre halvdel, som her altså er utsynspunkt for Gibbons, rommar eit anna mørker enn den første. Gibbons går den vegen kunsten fører henne. Men det å stire det som er stort og stygt i kvitauget, skjerpar også blikket mot det skimrande lyset som opnar seg på tampen i «Whispering Love», eit lys som for denne lyttaren sender tankane til Wim Wenders’ siste, styrkjande, eksistensielle film Perfect Days (2023). Det gir meining at det siste vi høyrer lyden av på Lives Outgrown, er fuglekvitter og gardsdyr – og godt gjer det også.

Lives Outgrown kjem ut 17. mai.

Øyvind Vågnes

Øyvind Vågnes er forfattar, professor ved Universitetet i Bergen, og fast musikkskribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Rita Paramalingam er fødd i 1993 i Oslo og er jurist. Ho debuterte i 2017 og kjem no med sin andre roman.

Foto: Marthe Haarstad

Meldingar

Den vanskelege sameksistensen

Rita Paramalingam skriv overtydande om sosial dysfunksjonalitet.

Odd W. Surén

Teikning: May Linn Clement

BokMeldingar
Olav H. Hauge

Olav H. Hauge-dagbøkene

15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»

Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.

Foto: Michael Putland / ECM Records

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Hand-i-hanske-duo

Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.

Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.

Foto: Julie Engvik

BokMeldingar
Sindre Ekrheim

Noko for seg sjølv og noko for kvarandre

Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.

Svenske soldatar øver på grensa mellom Noreg og Finland under Nordic Response i 2024.

Foto: Heiko Junge / NTB

Ordskifte

«Det dreier seg om å ha eit truverdig forsvar som held fiendar borte.»

Tor OlavHauge

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis