Energisk med slappe innslag
Ein pansørasiatisk tidsreiseguide som gjer deg dels entusiastisk og noko desorientert.
Elektronisk musikk
Naya Beat Volume 2:
South Asian Dance and Electronic Music 1988–1994
Naya Beat
Naya Beat Volume 2 samlar elektronisk dansemusikk frå det indiske subkontinentet med omland og diaspora. Gildet opnar med lyden av alskens indiske musikkinstrument: tabla, sitar, syntetiske kor og Linndrum, trommemaskina Prince og dei òg brukte på 80- og 90-talet, på «My Shooting Star» av West India Company.
Kuljit Bhamras «Dholdrums» piskar opp ein to minutts trommesolo før ei tjukk og god elektronisk basstromme stemmer i i fire–fire. Då er det berre å trampe av garde medan all slags bollywoodske snuttar og lydar dansar mellom solstolane på «Love Boat» og i ein skog av segl og master på Whams luksusyacht – komplett med episk saksofonperson.
«Mantra» av Mantra set vind i segla med luftig synthbass, mjuk industriell perkusjon, miditrompet og religiøs-isk messing. Heeras «Beat the Rhythm (Check It Out)» er ein usedvanleg leiken kavalkade av austindiske klisjear og 1990-funk- og electroflosklar som ein kan more seg storleg med, inkludert synth-slapbass. Dette sporet gir seg ikkje; det narrar deg trill rundt til siste takt. Hoy!
På Johnny Zees «Billo To Meri Aan» blir stemninga heilt Michael Jacksons «Don’t Stop ’Til You Get Enough». Deretter tar Turbotito & Ragz, som har sett saman samleplata, energien ned med ein dubremiks av Manjeet Kondals «Pyaar», og det er her gildet haltar.
Ei handfull av spora viser seg ved nærare ettersyn å vere plateselskapduoens eigne produksjonar, og desse remiksane gjer plata til eit noko forvirrande historisk dokument; dette er «forklaringa» på kvifor lyden av 2000-tals-chill-out à la Air, Röyksopp, Etienne De Crecy og Ralph Myers dukkar opp innimellom den elles så rå, frampå og energiske originale austindiamusikken albumet presenterer seg som ei samling av. Underleg val, men Fantasy Nite Clubs «O My Baby» minner merkeleg om lina «you’re ready for this jelly» frå Destiny’s Child-songen «Bootylicious».
Rasmus Hungnes
Rasmus Hungnes er kunstnar, musikar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Trea vil fortelje meg noko, skriv Ranveig Lovise Bungum.
Foto: Trond Mjøs
Kva ospa og dei andre trea kan fortelje oss
Anders Hovden.
Foto via Wikimedia Commons
Hovdens fredssalme
I 1923 sende Anders Hovden salmen «Joleklokker yver jordi» til bladet Under Kirkehvælv, der han kom på trykk same året.
I kvardagen kan det verte litt stress, til dømes får du ikkje den grøne pynten heilt perfekt. Men her er den herlege tomatsuppa mi med skrei.
Foto: Dagfinn Nordbø
Kvardagen
Det er dei det er flest av, kvardagane.
Teikning: May Linn Clement
Det skulle berre mangla
Det er nok ikkje manglande hjartelag som gjer at folk er interesserte i ord.
Språkrådet har kåra «beredskapsvenn» til årets nyord. Direktør i Språkrådet Åse Wetås seier det var eit openbert val.
Foto: Mariam Butt / NTB
Eit bilete på året som har gått
Språkdirektør Åse Wetås synest årets nyord er godt. At nye ord har stor påverknad, er fjorårets nyord, KI-generert, eit døme på.