Musikk
Folkemusikk i klassisk bunad
Arve Sølvberg og Øyvind Lyslo tek for seg komposisjonar av jølstringen Anders Viken.
Anders Viken flankert av Arve Sølvberg og Øyvind Lyslo.
Foto: David Zadig
Norsk folkemusikk har lenge vore dominert av solistiske framføringar. Hovudunnataka har vore lagspel på fele/hardingfele, der melodien oftast vert framført unisont, eller gamaldansmusikk der trekkspel, gitar og bass gjerne utgjer kompet. Det var først frå 1970-åra og framover at folkemusikarar for alvor byrja å dyrka samspel med musikarar frå andre stilartar, ofte jazz, eller skapa ny folkemusikk influert av annan musikk.
Sjangerblanding
Innan den klassiske musikkulturen har folkemusikken gjerne tent som råstoff, eller utgangspunkt for nye arrangement, jamfør Grieg. Men samspelsformer der desse musikkulturane møtest, er ikkje så vanleg, dersom ein ser bort frå nordfjordspelemannen Arne M. Sølvberg og den klassiske gitaristen Øyvind Lyslo, som alt i 1990 gav ut plata Syngjande strenger.
Men sameininga av folkemusikk og klassisk musikk er likevel ikkje Sølvberg og Lyslos oppfinning. All musikken på plata er komponert av Anders Viken (1898–1977) frå Jølster, som både dyrka den lokale folkemusikken og hadde lært seg klassisk fiolinteknikk.
Konservativt
Det er noko konservativt over dette prosjektet: Komposisjonane har minimalt til felles med det som Vikens jamgamle modernistiske komponistar dreiv med. Og arrangementa til Lyslo kan heller ikkje seiast å vera nyskapande. Men uansett er dette godt utført, og eit godt døme på at honnøromgrepet «mangfald» ikkje berre omfattar det som er grensesprengande og radikalt, men òg bør inkludera det som er attendeskodande.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.