Fredshymne
Kammerchor Stuttgart tolkar Schönbergs «illusjon for blandakor» truverdig.
150-årsjubilant: den austerrikske komponisten Arnold Schönberg (1874–1951).
CD
Schönberg, Strauss, Mahler:
Friede auf Erden
Kammerchor Stuttgart; dir.: Frieder Bernius. Carus 2024
Den tyske komponisten og kordirigenten Clytus Gottwald, som døydde i fjor, var spesialist på kormusikk frå 1900-talet. I omslagsteksten til Kammerchor Stuttgarts nye plate skriv han at korkomposisjonar – særleg dei for kor åleine – var lite påakta av komponistane i denne tida, noko han ville bøta på. For å utvida det seinromantiske og modernistiske kormusikkrepertoaret omarbeidde han nemleg ei rekkje komposisjonar som har orkester- eller klaverakkompagment, til reine a cappella-verk. Elleve av dei er med på dette albumet, der den renommerte kormannen Frieder Bernius dirigerer.
Kraftprestasjon
Det mest vågale arrangementet er «Im Abendrot» (spor 2), som er Gottwalds a cappella-omarbeiding av fjerdesatsen «Adagietto» frå Gustav Mahlers (1860–1911) femte symfoni. Det interessante ved versjonen på plata er at harpa, som spelar ei viktig rolle i originalen, er gjenintrodusert, noko som skaper eit uvanleg lydbilete. Dei konsonantfattige, langsamt flytande korstemmene får slik ei viss framdrift, og det er harpa som utgjer motoren.
Likevel er resultatet i overkant sukkersøtt. Men dirigenten Bernius skal ha ros for å klara å strekkja dei lange melodilinene til songarane utan tap av intensitet, og som praktisk korprestasjon er satsen ein durabel tour de force.
Støttehjul
Den einaste originalkomposisjonen på albumet er også den suverent beste: 150-årsjubilanten Arnold Schönbergs reine korverk Friede auf Erden, op. 13 (spor 1), som går for å vera det siste tonale stykket hans før han gav seg atonaliteten i vald. Schönberg har her tonesett eit juledikt av sveitsaren Conrad Ferdinand Meyer frå 1886. Opphaveleg omtalte han verket som «fredshymne», men då han hadde gjeve opp alle tankar om nokon evig fred etter fyrste verdskrigen, kalla han det heller «ein illusjon for blandakor».
Stykket må vera noko av det teknisk vanskelegaste som nokon gong er komponert for kor. Den fyrste framføringa i 1907 måtte avlysast i siste liten, for koret takla det ikkje. Heile fire år gjekk før det fyrste gong var å høyra, og då i ein versjon med «støttehjul» – i form av instrument som dobla korstemmene slik at songarane ikkje risikerte å mista tonen.
Kammerchor Stuttgarts framføring er sjølvsagt utan støttehjul, altså reint vokal. Men sjølv for dette eliteensemblet er ikkje intonasjonen alltid heilt lytelaus. Me høyrer det i det plutselege, høge spranget i sopranstemma heilt mot slutten, som læt småsurt og har tvungen klang. Men dette er små lyte i den store samanhengen. Samla sett er tolkinga solid, med klåre korakkordar og dei for Bernius så typiske vide, velproporsjonerte dynamiske stigingane.
Sjur Haga Bringeland
Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Ein mann trakkar på ein plakat av Bashar al-Assad i Damaskus.
Foto: Amr Abdallah Dalsh / Reuters / NTB
Uviss lagnad for Syria
Det store spørsmålet no er kva som vil skje framover i Syria, etter at opposisjonen overraskande fort tok over heile det regimekontrollerte Syria nesten utan militær motstand.
Andrea Bræin Hovig og Tayo Cittadella Jacobsen i rollene som Marianne og Tor, som møtest på Nesoddferja.
Foto: Arthaus
Leiken kjærleik
Alle gode ting er faktisk tre, om du lurte på om trilogien til Dag Johan Haugerud held heilt til mål.
Finansminister og leiar for Senterpartiet Trygve Slagsvold Vedum på landsstyremøtet i år. Partiet har falle kraftig på dei nyaste meiningsmålingane.
Foto: Thomas Fure / NTB
– Populisme er ikkje noko å vere redd for
Trass i dårlege meiningsmålingar har statssekretær Skjalg Fjellheim trua på at Senterpartiet har den beste politikken for Noreg.
Foto: Edvard Thorup
Makta og den uavhengige forskinga
«Eg er fullt klar over at mange gjorde ein stor innsats i Sør-Sudan, og med gode intensjonar.»
Fotballpresident Lise Klaveness under ein pressekonferanse på Ullevål stadion.
Foto: Erik Flaaris Johansen / NTB