Grått og keisamt
Bestion mislukkast i å modernisera Scarlatti og Dvořák.
Den tsjekkiske nasjonalromantikaren Antonín Dvořák (1841–1904).
CD
Antonín Dvořák, Domenico Scarlatti:
Stabat Mater
La Tempête; omarbeiding og dir.: Simon-Pierre Bestion. Alpha Classics 2024
Hjå den franske dirigenten Simon-Pierre Bestion skortar det korkje på ambisjon eller sjølvtillit: «Eg skjenkjer Scarlatti eit tredje liv!», hevdar han i innføringsteksten til dobbeltalbumet Stabat Mater. Dette inneheld to tonesetjingar av den mellomalderlege kyrkjehymnen Stabat mater, komponerte i høvesvis 1715 og 1877 av den italienske barokkomponisten Domenico Scarlatti (1685–1757) og den tsjekkiske nasjonalromantikaren Antonín Dvořák.
Innspelingar av to ulike tonesetjingar av same tekst er ikkje uvanleg. Men det spesielle ved Bestions prosjekt er for det fyrste at dei to verka er fletta saman med annankvar sats, og for det andre at Bestion har om-instrumentert musikken kraftig, ved å oppskalera den skrinne instrumenteringa til Scarlattis barokkmusikk og redusera Dvořáks romantiske orkestersats til berre klaver og strykarar.
Dirigenten Simon-Pierre Bestion.
Foto via Wikimedia Commons
Reinkarnasjon
Bestions påfunn er musikalsk underleg, og forklaringa hans i omslagsheftet gjer meg ikkje klokare: Det heile verkar som ein mislukka freistnad på å føra saman noko som slett ikkje har noko sams, bortsett frå teksten. Dirigentens grandiose vyar kjem til uttrykk i rein svada, formulert med nyreligiøs energi: «Tanken om at sjeler blir overførte til andre kroppar etter døden, basert på personlege, filosofiske eller kunstnarlege likskapar, eller jamvel livshistorier som attspeglar kvarandre, var ein avgjerande impuls for meg, ein reinkarnasjon av Scarlattis Stabat mater i Dvořáks verk, som ei attføding av den unge i den gamle.»
Bestion held fram med å forklara at han bestemte seg for å «binda dei to verka subtilt saman, ei samanbinding som er meir estetisk og metafysisk enn vitskapleg», for slik å prova at «dei kan vera eitt og det same». Men det er dei jo ikkje.
Mykje nonsens
Bestions framgangsmåte er elles alt anna enn «subtil». Grunnen til at eg her siterer så omfattande frå innføringsteksten, er at eg vil syna kor mykje nonsens somme kan sleppa unna med, sjølv på eit stort og anerkjent plateselskap som Alpha Classics – så lenge dei marknadsfører det under «modernisering av gamle verk for moderne øyro».
The proof of the pudding is in the eating, seier engelskmennene. Og Bestions musikalske pudding er – trass i at musikarane hans presterer godt – ueigna som føde. Den dramatiske utviklinga i einskildverka (kontrastane og overgangane) forsvinn når satsane blir klipte frå kvarandre, og dei omfattande inngrepa i det musikalske materialet (instrumenteringa) gjer Scarlattis musikk overvektig og Dvořáks anemisk. Det heile kling berre grått og keisamt.
Sjur Haga Bringeland
Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Olav H. Hauge-dagbøkene
15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»
Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.
Foto: Michael Putland / ECM Records
Hand-i-hanske-duo
Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.
Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.
Foto: Julie Engvik
Noko for seg sjølv og noko for kvarandre
Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.
Liv Mossige (f. 1978) jobbar som lektor og skriv bokmeldingar for Dagsavisen.
Foto: Cappelen Damm
Kvasireligiøs reaksjon
Liv Mossige viser fram det amoralske hos ivrige moralistar.
Det originale grunnlovsdokumentet ligg til vanleg i stortingsarkivet. Her er det på besøk på Eidsvoll.
Foto: Berit Roald / NTB
Nynorsk, språk og skriftmål
Ofte er det vrient å dra skilje mellom språk, dialektar og språkvariantar.