Heilskapen imponerer
Susanna og Juhani Silvola blandar det akustiske og elektroniske på beste vis.
Susanna feirar 20 år som artist med eit nytt album.
Foto: Ida Fiskaa
Jazz / Samtidsmusikk
Susanna:
Meditations on Love
Susanna, vokal, modifisert piano, mellotron, hammondorgel og synth; Juhani Silvola, programmering, modifisert piano, synth, hammondorgel, mellotron, paukar, xylofon, vibrafon og perkusjon; Morten Barrikmo, klarinett, bassklarinett og kontrabassklarinett; Harald Lassen, saksofon og fløyte, piano og synth; Sarah-Jane Summers, fiolin og bratsj; Ane Marthe Sørlien Holen, perkusjon, paukar og xylofon; Dag Erik Knedal Andersen, trommer og perkusjon. SusannaSonata
Susanna feirar 20-årsjubileum som artist med ti nye låtar og sjølvskrivne tekstar. Ho har lagt bak seg nokre år der ho i stor grad har tonesett dikt av Charles Baudelaire, framført dette på konsert og gjeve ut tre plater med materialet. Meditations on Love er ein treffande tittel. Uansett tekstleg motiv og tematikk er uttrykket prega av ei meditativ grunnstemning.
I 2011 gav ho ut albumet Jeg vil hjem til menneskene, der ho sette tonar til dikt av Gunvor Hofmo. Etter mitt syn er dette den beste plata Susanna har gjeve ut så langt. Meditations on Love har eit klart slektskap til denne utgjevinga, først og fremst med den gjennomgåande melankolien, men også ved at Susanna som Hofmo er fascinert av mørkeret og natta både konkret og i overført tyding. Tydelegast kjem dette fram i «Black Heart», men også i den repetitive «Where Has The Love Gone».
Musikken er melodisk, om ikkje i ein tradisjonell songleg forstand. Både tekst og musikk er prega av repetisjonar der minimalistiske endringar blir lagde inn og skapar ny meining. Det transparente lydbiletet er prega av ei fin avstemming mellom dei akustiske og dei elektroniske delane av instrumentariet.
Her er ikkje mykje rom for improvisasjon, men orkestermedlemene er alle med på å setja ein personleg farge på eit gjennomført heilskapleg uttrykk. Susanna har gjeve oss ei minnerik 20-årsgåve.
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er frilans journalist og fast jazzmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Fargerikt om tolsemd
Me får garantert høyra meir til komponisten Eilertsen.
Birger Emanuelsen har skrive både romanar, essay og sakprosa etter debuten i 2012.
Foto: Christopher Helberg
Endringar til godt og vondt
Birger Emanuelsen skriv om folk slik at ein trur på det.
Me drog til månen av di det var teknologisk mogleg. Eit strålande døme på det teknologiske imperativet. Her vandrar astronaut Buzz Aldrin frå Apollo 11 rundt og les sjekklista si på venstre arm på ekte ingeniørvis.
Kjelde: Nasa
Teknologisk imperativ!
«Birkebeinerne på ski over fjellet med kongsbarnet».
Foto: Morten Henden Aamot
Eit ikonisk stykke kunst er kome heim
Medan gode krefter arbeider for å etablere eit museum for kunstnarbrørne Bergslien på Voss, har den lokale sparebanken sikra seg ein originalversjon av eit hovudverk av målaren Knud Bergslien.
Frå rettsoppgjeret i Trondheim etter krigen. Henry Rinnan på veg inn i tinghuset i Trondheim 30. april 1946.
Foto: NTB
Rett i fella
Nikolaj Frobenius tar seg altfor godt til rette i kjeldematerialet. Rinnan-romanen hans er både problematisk og uinteressant.