JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

Heismusikk i gruvesjakta

Ukrainsk synthartist speler opp til kloggedans og mellomaldersk new age-meditasjon.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2016
20240607
2016
20240607

Rock / Elektronisk / Metal

Surt R.:

SKALD: Against the Black Priory Original Soundtrack Vol. I og II

Raw Fury

SKALD: Against the Black Priory, eit datarollespel signert Vadsø-baserte High North Studios, kom ut førre veke. Musikken til spelet er komponert av den ukrainske artisten Surt R., og stilarten er dungeon synth, ein underleg undersjanger av black metal og dark ambient som norske Mortiis seiest å vere stamfar til, og som Burzum sysla med i fengselscella.

Musikken er dyster med heilsyntetisk, mellomaldersk preg. Lyden av Yamaha YM2413-chipen, kjend frå spelehallar og japansk tekst-TV på det seine åttitalet, er fuktig og fyldig; ein kan kjenne dryppet frå stalaktittane og lukte ukjente soppsporar med øyra.

Lyttaren blir omfamna av fuktig syntetisk fløytelyd, lutt og pipeorgel, og dei mugne synthtonane vekkjer ei meditativ ro, ein slags mellomaldersk new age-musikk. Vi høyrer heismusikk på veg nedover gruvesjakta, og stundom skrur DJ-en på tavernaen intensiteten opp og signaliserer at det er tid for å tre inn i snabeldanseskorne og ta ein svingom på vertshusdansegolvet under discostalaktittane: Låten «Sellsword’s Honor», til dømes, er ein beinhard clogstep-banger; «Market District» spelar opp til freidig kloggedans på torgallmenningen i Bjørgvin.

Dungeon tyder fangehol, og kontemporære artistar har utvida sjangeren til å omfatte ei mengd andre hol. Til dømes tar svenske Tiny Mouse for seg temaet musehol, medan musikken til norske Piss Elf manar fram bilete av framande land og eksotiske kulturar i avløpsrøyret.

Soga i SKALD kombinerer klassisk mellomaldersk fantasytematikk med H.P. Lovecrafts sci-fi-mytologiske kosmiske angst, og Surt R. meistrar å vekke kjensla av å rutsje igjennom eit kosmisk svelg ned mot avgrunnen på botnen av det uutgrundelege holrommet i grunnlaget til eksistensen.

Rasmus Hungnes

Rasmus Hungnes er kunstnar, musikar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Johan Sverdrup feltsenter ved den offisielle opninga i 2020. Dette feltet vart oppdaga i 2010 og er det siste verkeleg store oljefunnet på norsk sokkel.

Foto: Carina Johansen / NTB

ØkonomiSamfunn

Ser ei slagside i direktoratet

Sokkeldirektoratet overdriv verdien av norsk
olje og gass, meiner universitetsrektor og petroleumsøkonom Klaus Mohn.

Per Anders Todal

Politiet har sperra av eit område etter at ein 16 år gammal gut har skote to personar, ei småbarnsmor og ein småbarnsfar, i bustaden deira i eit villaområde i Västberga i Stockholm i oktober i fjor. Mannen mista livet, medan kvinna slapp med livstrugande skadar.

Foto: Nils Petter Nilsson / TT / NTB

Samfunn

Rekordlang straff etter trippeldrap

To svenske tenåringar vart førre veke dømde til 10 og 12 år i fengsel. Dommen viser kva rolle mindreårige speler i kriminelle nettverk. Og at dei kan verte straffa hardt.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis