JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

Kaninholheismuzak

Yetsuby lagar lukksalig psykotisk eventyrmusikk.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2094
20240705
2094
20240705

Elektronisk
musikk

Yetsuby:

b_b

all my thoughts

Sørkoreanske Yetsuby er kjend frå duoen Salamanda. På b_b går ho solo, og «Who Swallowed The Chimes At The Random Place» er første spor. Det seier pling og plong lik ein mystifistisk heis, eit vanvitig lydapparat set gradvis plutseleg i sving, og så ber det strake vegen ned i kaninheissjaktholet. Spretten og lett perkusjon og tungeklikk av ukjende slag knitrar om kapp med fragmenterte virtuelle vokalistar og syntetisk korsong, og kva for fuglar som kvitrar, må fuglane vite, men fredfulle fløyter, silkemjuk synthesizerstøy, bablande kvalar og boblande bakgrunnslydar, søt uroklang og delfinane som plaskar lukksalig kringom på alle – med fleire – kantar på ein spretten base av hypnotiserande analogsynt-arpeggiato, kiler iherdig i veg på sentralnervesystemet og gir ikkje høve til å tenkje over at her går det unna, du gitt.

Virvaret av kontrasterande perspektiv smeltar saman til ein underleg mangefasettert heilskap, klatrar opp og ned på langs og tvers av kvarandre lik ein musikalsk sirkustrupp, og distraherer frå det tilsynelatande ulogiske i kakofonisymfonien med ei overtydande eventyrleg vrangførestilling der dramaet konstant tar endelause uventa vendingar og brettar seg ut i uante retningar.

Lyttaren blir forført av romantiske saksofonetterlikningar, medan ein tullete allmektig dansepartnar slenger oss hjelpelaust omkring i ein umogeleg svingom til lyden av liksom-kontrabass, og – bums i bakken! – på «Poly Juice» dukkar arpeggiatosynthesizeren opp att, denne gongen med ein polyfonisk hypnosearmé på slep. Eit stykke bak i paraden følgjer eit Aphex Twin- og drill’n’bass-aktig drillkorps. Subbassen ville skremt den modigaste meitemarken opp på landjorda. Ihuga synt-trommer blir med på laget, og så er det heile, som ved eit trylleslag, heilt spinnvilt. b_b er eit ufatteleg festmusikkstykke som passar like godt til burdags- som ubursdagsfeiring. Tre tomlar opp b_b_b!

Rasmus Hungnes

Rasmus Hungnes er kunstnar, musikar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Er Kina i ferd med å utfordre posisjonen USA har som den største romnasjonen i verda?

Samfunn

Kinesiske flagg på månen

Kinesarane har for første gong i historia henta prøver frå baksida av månen heim til jorda. Er landet i ferd med å utfordre posisjonen USA har som den største romnasjonen i verda?

Christiane Jordheim Larsen

Teikning: May Linn Clement

EssaySamfunn

Trøbbel på heimebane

Tyskland har hatt eit godt fotball-EM, men landet er på veg inn i den verste krisa etter andre verdskrigen.

Morten A. Strøksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis