Kjende element i nye versjonar
Komponisten Isaiah Ceccarelli overraskar oss heile tida.
Isaiah Ceccarelli har komponert all musikken på albumet.
Pressefoto
Samtidsmusikk
House of Gold:
House of Gold
Eugénie Jobin, stemme og synth; Frédérique Roy, stemme, piano og synth; Katelyn Clark, organetto, piano og synth; Isaiah Ceccarelli, trommer, stemme og synth. Sofa
Plateselskapet Sofa har sidan år 2000 gjeve ut mykje av den mest spanande improvisasjonsbaserte samtidsmusikken, ofte med norske musikarar i samspel med utanlandske kapasitetar på området. Denne gongen får me møta eit stramt strukturert prosjekt som er basert i Montreal i Canada.
Og for å gå rett på sak: Dette er noko av det mest særprega eg har høyrt på lange tider. Dei ni spora på plata er songar, som blir utførte unisont, i parallelle tersar og av og til med små, varsame dissonansar. Instrumenteringa er prega av organetto (eit lite pipeorgel), eit gamalt piano, slagverk og meir obskure, støyaktige lydar. Alle dei medverkande er dessutan multiinstrumentalistar, så det dukkar opp mange små overraskingar undervegs.
Musikken er tydeleg arrangert, på den måten at ingen element står i vegen for kvarandre, lydbiletet er gjennomsiktig og svært klårt, og kontrastane er tydeleg planlagde, til dømes når det ein hende gong dukkar opp ein ordinær 4/4-trommegroove når ein minst ventar det.
All musikken er komponert av Isaiah Ceccarelli, frå Wyoming i USA. Han har bakgrunn som trommeslagar innan jazzmusikk og annan improvisasjon. Dessutan er han aktiv som songar innanfor gregoriansk song og annan tidlegmusikk. Også dei tilsynelatande naivistiske tekstane – med titlar som «Wool socks» og «Why are we not together» – er hans verk.
Stilistisk kan ein merka påverknad frå den eldste og den nyaste «klassiske» musikken, folkemusikk, støymusikk og pop. Og ofte får ein ei kjensle av at dette er rituell musikk, som kunne fungert i religiøse seremoniar eller som del av eit stramt regissert scenisk verk.
Dette er uansett musikk som heile tida får oss til å opna øyra.
Sigbjørn Apeland
Sigbjørn Apeland er musikar, musikkvitar og fast meldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Olav H. Hauge-dagbøkene
15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»
Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.
Foto: Michael Putland / ECM Records
Hand-i-hanske-duo
Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.
Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.
Foto: Julie Engvik
Noko for seg sjølv og noko for kvarandre
Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.
Liv Mossige (f. 1978) jobbar som lektor og skriv bokmeldingar for Dagsavisen.
Foto: Cappelen Damm
Kvasireligiøs reaksjon
Liv Mossige viser fram det amoralske hos ivrige moralistar.
Det originale grunnlovsdokumentet ligg til vanleg i stortingsarkivet. Her er det på besøk på Eidsvoll.
Foto: Berit Roald / NTB
Nynorsk, språk og skriftmål
Ofte er det vrient å dra skilje mellom språk, dialektar og språkvariantar.