Musikk

Klangarkitektur

Oslo Strykekvartett spelte meisterverk frå kvartettlitteraturen i Bergen.

Oslo Strykekvartett blei grunnlagd i 1991.
Oslo Strykekvartett blei grunnlagd i 1991.
Publisert

Bergen Kammermusikk­forening held konsertane sine i gamle Bergens Kreditbank på Vågsallmenningen, i nyrenessansebygningen som på folkemunne blir kalla «Banco Rotto». Den hyser no hotellet med det noko kryptiske namnet Opus 16. Nyss gjekk det opp for meg kva namnet tyder: 16 er opusnummeret til «a-mollkonserten», og bygningen hyser også ei lita permanentutstilling om Grieg.

Konserten med Oslo Strykekvartett førre onsdag synte eit vidt spenn i kvartettlitteraturen. Han byrja med mogen wienerklassisisme av Wolfgang Amadeus Mozart (1756–1791) og blei avslutta med klassisistisk inspirert impresjonisme av Maurice Ravel (1875–1937). Mellom dette fekk me samtidsmusikk av Nils Henrik Asheim (fødd 1960).

Asheim og Ravel

I Asheims strykekvartett Learn to wait frå 2022 ligg der løynd ein folketone frå Telemark, nemleg «Jøkolen og fagran fonni». Eg oppfatta ikkje tonen, for det er vanskeleg å kjenna att noko ein ikkje kjenner frå før. Tydeleg var derimot dåmen av kvit og frostal fonn; karrig harde akkordar blei avløyste av isklåre overtoneklangar, og mangelen på basstonar fekk det heile til å sveva. Dei musikalske verknadene var effektive, for Asheim kan komponisthandverket, og framføringa til musikarane var god. Men utviklinga i stykket – detaljane i høve til heilskapen – dette fekk eg aldri heilt grep om.

Mest «heime» gav musikarane inntrykk av å kjenna seg i Ravels Strykekvartett i F-dur, op. 35. Stykket frå 1903 er meir neoklassisk enn impresjonistisk, med klår form og utvikling. Stundom fekk eg assosiasjonar til Grieg, særleg i fyrstesatsen (i sidetemaet), der fyrstefiolinen og bratsjen spelar den lyriske melodien parallelt over celloens luftige pizzicato-bass. Pizzicatoar innleiar også den rytmiske andresatsen, som var ein samspelsmessig kraftprestasjon. Tonaliteten er her eksotisk austerlandsk. Om Ravel var inspirert av såkalla gamelan-musikk frå Java, eller av baskisk folkemusikk, veit me ikkje – men satsen er uansett festleg.

Mozart

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement