Krig og fred
Barockwerk Hamburg spelar martialsk musikk frå sjuårskrigen.
Sjuårskrigen herja på alle kontinent utanom Australia. Her det britiske bombardementet av Havanna i 1763, måla av Richard Paton (1717–1791).
CD
J.C. Schmügel, G.P. Telemann:
Friedenskantate 1763; Hannover siegt
Barockwerk Hamburg; dir.: Ira Hochman. CPO 2024
Verka på Barockwerk Hamburgs nye plate blei til under sjuårskrigen, som rasa i varierande intensitet mellom 1756 og 1763. Striden mellom Preussen og Storbritannia-Hannover på den eine sida, og Det tysk-romerske riket, Austerrike, Frankrike, Russland og Sverige på den andre, er blitt kalla den aller fyrste verdskrigen, for kampane strekte seg frå Canada i vest til Filippinane i aust.
All krig fører propaganda med seg, både i pressa og i kunsten. I denne samanhengen er det me lyt sjå dei to komposisjonane av Georg Philipp Telemann (1681–1767), der det er franskmennene som blir rakka ned på. Verktitlane set stemninga: fyrst einskildarien Arie auf die glücklichen Progressen der alliirten Waffen in Hessen, så oratoriet Hannover siegt, der Franzmann liegt.
Krig
På norsk tyder titlane «Arie om dei lukkelege framgangane til dei allierte våpena i Hessen» og «Hannover sigrar, franskmannen ligg» (kong Georg II av Storbritannia var òg kurfyrste av Hannover). Ikkje uventa er dette martialsk musikk med plenty paukar og trompetar.
Telemann har då òg langt på veg forma melodiane i bassarien som opnar oratoriet (spor 2) som trompetfanfarar, ein fanfaremelodikk der den utmerkte bass-solisten Dominik Wörner utfaldar seg med myndig pondus. Mindre substans er det i røysta til kontratenoren Matthias Dähling i lovsongsarien «Danket dem Herrn» (Pris Herren, spor 4). Han bivrar så mykje på tonen at intonasjonen blir utydeleg og det ikkje er skikkeleg «botn» i klangen.
Den underlege finalesatsen «Senegal und Cap Breton» (spor 8) refererer til to aktuelle hendingar på den globale krigsskodeplassen: I juli og desember 1758 hadde britane teke attende høvesvis Cape Breton utanfor Canada og Gorée utanfor Senegal, to strategisk viktige øyar som hadde vore hærtekne av franskmennene. Den underlege musikkstilen, med tamburinar, pikkolofløyte og ujamne danserytmar, må vel vera Telemanns einaste freistnad innan senegalesisk folkemusikk.
Fred
Men det mest oppsiktvekkjande verket på plata er av mannen Telemann i eit tilrådingsbrev frå 1756 omtala som «den beste læresveinen eg nokon gong har undervist i komposisjon»: Johann Christoph Schmügel (1727–1798), ein gåverik komponist som aldri fekk seg noko prestisjefullt kyrkjemusikarembete av di han ikkje hadde midlar til å betala for kjøp av eit slikt embete, slik skikken var i Nord-Tyskland.
I motsetnad til lærarens krigskomposisjonar er Schmügels verk ein «Friedenskantate» i høve fredsslutninga i 1763. Kunstnarleg er musikken heilt på høgd med Telemanns, med originale instrumentasjonsvriar, solid kontrapunktikk og djerv harmonikk.
Sjur Haga Bringeland
Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.