Kvifor Marcus skriv
Den nye boka til Greil Marcus er ein kamuflert sjølvbiografi.
Greil Marcus er musikkskribent og kulturanalytikar.
Foto: Thierry Arditti / Courtesy of Yale University Press
Essay
Greil Marcus:
What Nails It
Yale UP 2024
Kva er kritikk, og kva kan kritikk vere? Musikkskribenten og kulturanalytikaren Greil Marcus kjem med eit bod i What Nails It, ei fin lita bok om det å finne vegen til si eiga skrift: Kritikk er ein analyse av eigen respons til noko som finst der ute i verda. Ei slik haldning fører kritikaren til dei rette spørsmåla: «Why am I reacting to this so intensely? Why does it make me smile and scare me at the same time?»
For Marcus, som har vigd livet sitt til å reflektere rundt slike spørsmål i møtet med mange kulturuttrykk, men mest av alt musikk, utgjer ei slik utveksling eit krav om kulturelt medborgarskap, der ein ikkje berre har rett til å ytre seg om si meining, men også plikt til det.
Kamuflert sjølvbiografi
Dette synet på refleksjon og skrift sporar han tilbake til sitt første møte med Let It Bleed (1969), som var «mykje meir enn eit nytt Rolling Stones-album»: «It had a longer look back, and a longer gaze forward. It was about – or it was an attempt to enact – the close of a chapter in history, of the idea, already being sold as a brand, of ’The Sixties,’ a period in which people living it historicized it as they did so.»
Tolkinga er typisk for Marcus – ingen kan utleie populærkulturelle eksegesar heilt som han, sjølv om det etter kvart finst ein del som liknar. Den musikken han verkeleg meiner er viktig, tek han også på største alvor. Det dreier seg trass alt om ein forfattar som har vigd ei heil bok (2005) til ein einaste Dylan-låt, «Like a Rolling Stone», og alt den kan romme – som ikkje er lite når Marcus får sleppe laus.
Neste sommar vert Marcus 80 år, og det er mogleg å lese What Nails It, som inngår i Yales fine «Why I Write»-serie, som ein kamuflert sjølvbiografi. Som dei andre bøkene i serien er også denne basert på det årlege Windham-Campbell-foredraget, og tonen er spørjande og tilbakeskodande. I tre delar reflekterer Marcus over dei vegane eit skriveliv har ført han inn på, og over dei vegane som førte han inn i eit skriveliv.
Personleg og open
Eg kan ikkje hugse å ha lese ein så personleg og openhjartig Marcus før, og særleg gjeld dette første del av boka, der han fortel om far sin, som var soldat under andre verdskrigen og døydde då skipet han tenestegjorde på, gjekk ned under ein tyfon. Seks månader og ein dag seinare vart Greil fødd, utan far, i kjølvatnet av eit dødsfall ingen i familien ville snakke om. For Marcus sjølv forklarar traumet kvifor han kom til å verte så oppteken av fortida som forfattar, nok til å kalle det ein «obsession» i forfattarskapen.
Det er interessant å lese Marcus’ tankar om sine første år som musikkskribent, om kvifor han held filmkritikaren Pauline Kael så høgt, og ikkje minst om det slitesterke skismaet mellom det som har vorte kalla høg og låg kultur. What Nails It er eit must for alle som har sett pris på kritikaren opp gjennom åra og lurer på kvifor han skriv som han gjer.
Øyvind Vågnes
Øyvind Vågnes er forfattar, professor ved Universitetet i Bergen, og fast musikkskribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
«Me har ikkje grunnlag for å seia at bokmålsbrukarar har kvassare penn enn andre, men nokre av dei evnar å kløyva kvass i to.»
Gjennom Hitlers progagandaminister Joseph Goebbels får vi eit innblikk i sanninga bak Nazi-Tysklands propagandamaskin.
Foto: Another World Entertainment
Propaganda på agendaen
Fører og forfører er ein drivande historietime om tidenes skumlaste skrønemakar.
Ein mann med tomlar opp i ruinane i ein forstad sør i Beirut etter at fredsavtalen mellom Hizbollah og Israel vart gjeldande 27. november.
Foto: Mohammed Yassin / Reuters / NTB
Fredsavtale med biverknader
Avtalen mellom Israel og Libanon kan få vidtrekkjande konsekvensar.
President Donald Trump og budsjettdirektøren hans, Russel Vought, held pressekonferanse i Det kvite huset i Washington i 2019. No får Vought på ny denne jobben. I mellomtida har han vore sentral i Project 2025.
Foto: Evan Vucci / AP / NTB
Project 2025 – ein plan for omforming av USA
Les eit utval av politikkframlegga her.
Thomas Hylland Eriksen fotografert i samband med utgjevinga av boka Appenes planet i 2021.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB
«Eit førebilete på den offentlege intellektuelle som ujålete og usnobba ytra seg i ålmenta.»
Thomas Hylland Eriksen (1962–2024)