JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

Lite skakande

Ungdomsverka til Heinichen og Telemann treng meir livfull musisering.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Det tyske Ensemble Polyharmonique.

Det tyske Ensemble Polyharmonique.

Foto frå nettsida til gruppa

Det tyske Ensemble Polyharmonique.

Det tyske Ensemble Polyharmonique.

Foto frå nettsida til gruppa

2952
20240712
2952
20240712

CD

Johann David Heinichen, Georg Philipp Telemann:

Early Cantatas

Ensemble Polyharmonique; {oh!} Orkiestra; kontratenor og leiing: Alexander Schneider. CPO 2024

Dei fire kyrkjemusikkverka på denne plata er alle komponerte heilt på byrjinga av 1700-talet. Stilistisk soknar dei framleis til 1600-talet, for dette var noko av det fyrste dei mest jamaldrande tyske komponistane Johann David Heinichen (1683–1729) og Georg Philipp Telemann (1681–1767) skreiv. Ein kan altså seia at dette er måten dei lærte å komponera på, men snart kasta vrak på, til fordel for den lettare og meir elegante 1700-talsstilen.

For falskt

Framført blir musikken av den tyske volkalgruppa Ensemble Polyharmonique og instrumentalensemblet {oh!} Orkiestra frå det sørvestlege Polen, området som historisk sett blir kalla Schlesien. Instrumentalistane er betre enn songarane. Særleg sopranen og kontratenoren Alexander Schneider, som også leiar ensemblet, har for mange tekniske bommertar. Begge syng falskare enn ein kan tillata seg på CD, og for Schneiders del kling røysta greitt i dei snøgge partia, men på lange tonar vrenger han stundom vokalane slik at orda blir uskjønelege.

Den direkte klangen på opptaket gjer venleiksfeila ekstra tydelege. Ein får inntrykk av å sitja på fyrste rad heilt innmed musikarane, og det at korsatsane er gjorde med solistisk besetning, altså med éin songar per korstemme, hjelper ikkje på.

Botssalme

Sjølv om musikken kling litt alderdommeleg, er han raffinert komponert. Ta til dømes Telemanns Ach Herr, straf mich nicht in deinem Zorn, TVWV 7:3, ei tonesetjing av Bibelens sjette salme, på norsk «Herre, refs meg ikkje i din vreide». Forma er det me kallar motettisk, det vil seia at kvar line i bibelteksten får si eiga karakteristiske utforming. Verket er difor ikkje sett saman av ulike satsar med tydeleg attkjennelege ariar, resitativ og korsatsar, men tek form av ein straum av stutte passasjar.

Det heile byrjar med eit kort forspel, der klagande mollklangar og melodiske «sukk» i fiolinane set stemninga. Den sjette salmen høyrer til dei sju såkalla «botssalmane» i Gamletestamentet, der ord som «harme», «redsle» og «kraftløyse» gjev komponisten høve til kraftfulle tonemåleri. Ikkje før mot midten, på orda «vend deg hit, Herre, og fri meg ut, frels meg i di miskunn!», lysnar musikken opp i dur.

Slike skifte kjem ikkje godt nok fram i denne innspelinga. Skilnadane i tempo og uttrykk er for små. Slutten, der «alle mine fiendar skal bli til skamme og rista av redsle», er heller ikkje særleg skakande. Dette, i tillegg til dei høgst varierande songprestasjonane, gjer det vanskeleg å tilrå plata. Lytt heller til det gamle albumet Trauer-Actus, som Cantus Cölln og dirigenten Konrad Junghänel gav ut på plateselskapet Harmonia Mundi i 2002.

Sjur Haga Bringeland

Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast musikk­meldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Kate Winslet spelar tittelrolla i ei sann historie om den banebrytande fotografen Lee Miller, som forlét eit glamorøst liv som modell for å dokumentera andre verdskrigen.

Foto: Filmweb.no

FilmMeldingar

Det andre blikket

Den formeltru filmen om fotografen Lee Miller gjev eit velkome blikk på krig og kjønn.

Håkon Tveit

Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) på pressekonferanse etter framlegginga av statsbudsjettet måndag. For dei som er opptekne av klima, var ikkje budsjettet godt nytt.

Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Kapitulasjon i klimapolitikken

Regjeringa veit ikkje om statsbudsjettet bidreg til å redusere eller å auke klimagassutsleppa. Derimot er det klart at det nasjonale klimamålet for 2030 ikkje blir nådd.

Etter nokre år er det ikkje like heitt mellom Maria (Helga Guren) og Sigmund (Oddgeir Thune).

Etter nokre år er det ikkje like heitt mellom Maria (Helga Guren) og Sigmund (Oddgeir Thune).

Foto: Filmweb.no

FilmMeldingar
Brit Aksnes

«Regissør og manusforfattar Lilja Ingolfsdottir står for den mest klaustrofobiske filmen på lange tider – og ein av dei beste.»

Foto: Agnete Brun

LitteraturKultur
Jan H. Landro

Med den monumentale boka Sjøfareren Erika Fatland gitt oss eit uvant, og skremmande, perspektiv på europeisk kolonialisme.

Raudkolibrien veg 3,5 gram og må dagleg ete halvannan til tre gonger si eiga vekt under vanlege kår. Han hekkar i Alaska og overvintrar i Mexico. Trekkruta strekkjer seg over 6000 kilometer.

KunnskapFeature

«Har du sett nøye på korleis småfuglar – sporvar, finkar, songarar eller trastar – rører seg i lufta?»

Naïd Mubalegh

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis