JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

Mandolinen på kjøkenet

Bonny Light Horseman har laga ei rik dobbelplate.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Josh Kaufman, Eric D. Johnson og Anaïs Mitchell utgjer bandet Bonny Light Horseman.

Foto: Jay Sansone

3086
20240531
3086
20240531

Folk/rock

Bonny Light Horseman:

Keep Me On Your Mind / See You Free

Secretly / Playground

Livet vårt finst i små glimt i minnet, og somme gonger kan eit foto frå ei svunnen tid seie eit eller anna om kven vi var den gongen – noko som er fint skildra i «Singing to the Mandolin», ein av songane på Keep Me On Your Mind/ See You Free, det nye dobbelalbumet til Bonny Light Horseman.

Ein verkeleg god låt – og dei er det fleire av på denne plata – kan teikne eit bilete av både augneblunken og dei lengre linene. I «Singing to the Mandolin» er det ei lita stund med song på kjøkenet som får vere eit slags leiemotiv, ramma inn av eit nostalgisk tilbakeblikk.

Anaïs Mitchell, som utgjer Bonny Light Horseman saman med Eric D. Johnson og Josh Kaufman, syng heilt nydeleg, i ein song som har vorte noko av ein favoritt for meg denne våren.

Solid folk

Eg kan like godt vedgå det: Eg har falle pladask for denne plata, som med heile tjue spor rommar ein rikdom eg framleis oppdagar litt meir av for kvar dag som går. Bonny Light Horseman, som på eit vis var eit superband alt då dei fann saman i 2018, og platedebuterte i 2020, lagar solid, tradisjonsbunden folk, der røystene til Mitchell og Johnson, og måten dei utfyller kvarandre på, spelar ei særleg viktig rolle (høyr til dømes på opningssporet «Keep Me On Your Mind»).

Songane på Keep Me On Your Mind/ See You Free vart skrivne i løpet av fem månader i 2023. Mitchell, Johnson og Kaufman fekk med seg eit knippe musikarar i ein gammal irsk pub, Levis Corner House i Ballydehob, ein liten kystby i County Cork. Det kan ikkje vere tvil om at dette var eit sjakktrekk.

Pubpiano

Det er som om rommet kjem til live på denne plata, der det som er ekte, er viktigare enn det perfekte. Det gamle pianoet i puben vart smurt inn med olivenolje slik at det ikkje skulle knirke slik, og i miksen kan du høyre latter, hoste og spontane utbrot. Det kunne ha vorte rotete og amatørmessig, men i staden tilfører det musikken ein eigen, rufsete varme som passar godt til dei songane Bonny Light Horseman lagar. Råmaterialet frå puben i Ballydehob tok dei med seg til Dreamland Recording Studios, der dei laga sine to førre album, nord i delstaten New York.

Det ein kan kalle albumets humanistiske glød, får meg til å tenkje på eit band som Hiss Golden Messenger. Dei har noko av den same energien og tidvis eit liknande uttrykk – det er kanskje ikkje så rart, sidan Kaufman jo er sentral også i dette bandets historie. Fleire gonger går tankane også til Richard Thompson, ikkje minst på grunn av gitarspelet og gitarlyden – både til solomaterialet og til musikken han laga saman med Linda Thompson, og i si tid med Fairport Convention. Songar som «Old Dutch», «When I Was Younger» og «Rock the Cradle» høyrest nærast ut som klassikarar alt ved første gjennomlytting. Eg har alt lytta mykje – og meir skal det bli.

Keep Me On Your Mind/ See You Free kjem ut 7. juni.

Øyvind Vågnes

Øyvind Vågnes er forfattar, professor ved Universitetet i Bergen og fast musikkskribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Nye rekruttar til Ukrainas 3. åtaksbrigade trenar ved Kyiv 9. april 2024. Menn i våpenfør alder som nektar mobilisering, kan få fengselsstraff på mellom tre og fem år.

Foto: Vadim Ghirda / AP / NTB

KrigSamfunn

Tårer på jernbanestasjonen

For ei veke sidan vende eg enda ein gong attende til Ukraina etter tre veker i Europa. Denne gongen gjekk heimvegen gjennom den slovakiske byen Kosice, som ligg 120 kilometer frå grensa til Ukraina.

Andrej Kurkov

Raudfota skogskjelpadde er ein av dei tre artane av skjelpadde som er godkjende til bruk som familiedyr i Noreg.

Foto via Wikimedia Commons

KunnskapFeature
Arve Nilsen

Skjelpadder

Etter at menneska klatra ned frå trea og oppover på næringskjeda, har nok mange skjelpadder blitt fanga og hamna i gryta.

Biletet syner Blixtunnelen på Follobanen rett før opninga i desember 2022. Nokre dagar etter vart tunnelen stengd på grunn av varmgang i kablane. Opprettinga skal vare til desember i år.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Politiske signalfeil

Det er mange grunnar til at toget ikkje går når det skal i Noreg. Her er nokre av dei.

Ikkje berre krig og kriser kan føre til legemiddelmangel. Heile leveringskjeda er sårbar.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Samfunn
Sofie May Rånes

Det veikaste leddet i legemiddelkjeda

Europeiske land bør samarbeide for å sikre forsyninga av legemiddel, seier professor Marianne Jahre.

KommentarSamfunn

Sjølvmord av frykt for dauden

Macron-strategien for nyval fremjar det han vil unngå.

Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis