JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

Mindre er meir

Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.

Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.

Foto: Samuel Hess

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
3663
20240516
3663
20240516

Rock

Jessica Pratt:

Here in the Pitch

City Slang

Alt opningssporet på Here in the Pitch, Jessica Pratts nye album, ber bod om ei ny retning for artisten. Det første du høyrer lyden av på «Life Is», er trommene til Alex Goldberg, eit instrument ein vel knapt har høyrt på tidlegare album frå Pratt, som tidvis har vore nærast asketisk konsentrert rundt røyst og gitar.

Dei delikate arrangementa og den kresne orkestreringa høyrer til mellom dei største kvalitetane på Here in the Pitch, som opnar seg med ein detaljrikdom ein best kan verdsetje om ein lyttar nøye. Plata er produsert av Pratt sjølv og Al Carlson, som også spelar ei heil rekkje instrument – bass, mellotron, klokkespel og alskens tangentar, for å nemne noko. Viktig er også Matt McDermott, som Pratt ikkje berre samarbeider med musikalsk, men også er gift med. Han tilfører mangt, til dømes på elpiano, og alltid akkurat der det trengst.

Nikk til 60-talet

Dette trekløveret utgjer kjernen på Here in the Pitch, som altså er meir eventyrleg sonisk enn musikken Pratt har gitt ut før, men som likevel er prega av ein edrueleg omgang med poporkestrale grep, og ei eiga evne til å halde igjen. Albumet er lågmælt, men fantasirikt, og det er fascinerande korleis sjølv dei minste gestar får stor betydning.

Her er det fleire nikk til sekstitalets storslåtte studiolyd, og då særleg til Beach Boys-klassikaren Pet Sounds (1966). Bruken av mellotron, klokkespel, Farfisa og Rhodes sikrar dei nostalgiske vibbane. Det skal då heller ikkje mykje til for å sende tankane til Brian Wilsons storverk – litt tromming inn mot refrenget viser seg fleire stader å vere meir enn nok (som på «World on a String» og «The Last Year»). Det er lett å høyre at det dreier seg om ein medviten referanse til ei markant inspirasjonskjelde, som går att fleire stader på Here in the Pitch («Nowhere It Was» osar av Wilson).

Dermed vert denne utgivinga fort ei konfektøskje til pop-connoisseuren, som ikkje kan anna enn å smile av den smarte barytonsaksofonen Carlson finn fram på «Better Hate», som også, i likskap med fleire andre songar her, er merkt av svært smakfull koring. Ei bossanova-åre går gjennom fleire spor og vert teken vare på av den brasilianske perkusjonisten Mauro Refosco. Når nokon får sleppe til som gjest, som gitaristen Ryley Walker, så er det bidrag som er motiverte ut ifrå kva for element som kan styrke ein komposisjon. Og når eit sjeldan innslag av manipulasjon av røysta til Pratt førekjem, som på den pianodrivne balladen «Empires Never Know», er det med stor effekt.

Stemningar

Det californiske dannar ikkje berre eit bakteppe i det musikalske, på ei plate som er spelt inn i New York og i Los Angeles, men også i dei bittersøte noir-stemningane som får dominere plata. Pratt har budd i L.A. i eit tiår no, og det er tydeleg at byen, slik han framstår i mykje kunst og populærkultur med sine mørke undertonar, utgjer eit slags estetisk leiemotiv på Here in the Pitch. Som låtskrivar er ho meir oppteken av stemningar enn av forteljingar, men utstyrer kvar song med akkurat nok til at kvar lyttar kan fylle på med sitt.

Med berre ni spor og under ein halvtime speletid kjennest likevel dette albumet svært så omfangsrikt, om lyttaren lèt det utfalde seg med alt det har å by på. Minimalismen er tilkjempa, og det har teke tid å finne ut korleis det til slutt skulle verte – fem år har gått sidan førre album frå Jessica Pratt. Here in the Pitch kjennest som eit kunstnarleg gjennombrot.

Øyvind Vågnes

Øyvind Vågnes er forfattar, professor ved Universitetet i Bergen, og fast musikkskribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Nye rekruttar til Ukrainas 3. åtaksbrigade trenar ved Kyiv 9. april 2024. Menn i våpenfør alder som nektar mobilisering, kan få fengselsstraff på mellom tre og fem år.

Foto: Vadim Ghirda / AP / NTB

KrigSamfunn

Tårer på jernbanestasjonen

For ei veke sidan vende eg enda ein gong attende til Ukraina etter tre veker i Europa. Denne gongen gjekk heimvegen gjennom den slovakiske byen Kosice, som ligg 120 kilometer frå grensa til Ukraina.

Andrej Kurkov

Raudfota skogskjelpadde er ein av dei tre artane av skjelpadde som er godkjende til bruk som familiedyr i Noreg.

Foto via Wikimedia Commons

KunnskapFeature
Arve Nilsen

Skjelpadder

Etter at menneska klatra ned frå trea og oppover på næringskjeda, har nok mange skjelpadder blitt fanga og hamna i gryta.

Biletet syner Blixtunnelen på Follobanen rett før opninga i desember 2022. Nokre dagar etter vart tunnelen stengd på grunn av varmgang i kablane. Opprettinga skal vare til desember i år.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Politiske signalfeil

Det er mange grunnar til at toget ikkje går når det skal i Noreg. Her er nokre av dei.

Ikkje berre krig og kriser kan føre til legemiddelmangel. Heile leveringskjeda er sårbar.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Samfunn
Sofie May Rånes

Det veikaste leddet i legemiddelkjeda

Europeiske land bør samarbeide for å sikre forsyninga av legemiddel, seier professor Marianne Jahre.

KommentarSamfunn

Sjølvmord av frykt for dauden

Macron-strategien for nyval fremjar det han vil unngå.

Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis