JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

Morgon og kveld

Svarttrastane fylte Håkonshallen førre laurdag.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Erland Cooper.

Erland Cooper.

Foto: Alex Kozobolis

Erland Cooper.

Erland Cooper.

Foto: Alex Kozobolis

3549
20240607
3549
20240607

Konsert

Erland Cooper og Nest Quartet:

Musikk frå Orknøy-trilogien og albumet Folded Landscapes

Festspillene i Bergen, Håkonshallen, 1. juni

Tonen vart sett med fuglekvitter, og så lyden av tore og regn, då Erland Cooper og fire strykarar spaserte mellom publikum i Håkonshallen og fram til scenen førre laurdag kveld. Idet konserten tok til, følgde ein straum av menneskerøyster, som kulminerte i eit kort klipp frå Greta Thunbergs FN-tale, før opningsnummeret, henta frå fjorårets album Folded Landscapes, tok til.

Når ein nemner at det albumet tematiserer klimaendringane, bør ein straks leggje til at Cooper har interessert seg for naturlandskapet i all musikken han har laga – og då ikkje minst i trilogien vigd til Orknøyane, der han vaks opp og ofte held til: Solan Goose (2018), Sule Skerry (2019) og Hether Blether (2020). Musikken på desse utgivingane, som nærmar seg fugleliv, hav og kystkultur, er stadsnær og poetisk. Feltopptak får blande seg med melodiøs ensemblemusikk med greiner inn i popmusikken. Under konserten veksla Cooper mellom å spele på piano, skru litt på nokre knottar og tilføre lag av elektronisk lyd, og å leie strykarane med mild og tydeleg direksjon.

Passande konsertstad

Den gamle steinhallen på Bergenhus, som vart bygd i ei tid då linene mellom Orknøyane og Noreg var tette, kjendest som ein passande arena for repertoaret. Konserten, som var ein del av festspela i Bergen, er Coopers første i Skandinavia, og frå scenen kommenterte artisten lyset som seiv inn gjennom glaset, som likna det han kjenner frå Orknøyane – «som jo ikkje er så langt herfrå», som han sa. Dei som kjenner kysten, vil også kjenne han att i Coopers musikk.

Av gode grunnar skal mobilar vere avskrudde eller på lydlaus i konsertsalen, og helst plasserte i ei lomme. Cooper inviterte publikum til å bryte denne regelen og leite fram telefonane for å finne vegen til nettsidene hans. Nokre sekund seinare var Håkonshallen fylt av fuglekvitter. Songen til svarttrasten fekk spele inn i musikken som vart framført – eit enkelt, elegant og verknadsfullt grep. «Dette hadde John likt», sa Cooper, som dediserte konserten til den skotske poeten John Burnside, som døydde dagen før.

Erland Cooper på scena saman med Nest Quartet i Håkonshallen laurdag 1. juni.

Foto: Helene Myksvoll / Festspillene i Bergen

Utanom det vanlege

Dei som hadde funne vegen til Håkonshallen, som langt frå var full, fekk ei oppleving utanom det vanlege. Nokre dagar før konserten kunne ein lese eit intervju med Cooper i Bergens Tidende, der han spora musikkinteressa si tilbake til barndomsåra. Medan kompisar brukte tida si på fotballbana eller sprang etter jenter, knabba den unge Erland tidt og ofte nøkkelen til skulen frå far sin, som var lærar, og låste seg inn. Der fann han seg til rette i musikkrommet og prøvde seg på ulike instrument, og på firesporsopptakaren.

Anekdoten seier noko om nærleiken i Coopers uttrykk. Mest av alt skaper han eit heilt eige musikalsk rom, der landskap og menneske inngår som sterke, integrerte element i orkestreringa. Kvar og ein som kom på konsert denne første kvelden i juni, vart invitert inn i dette rommet.

Heilt til slutt, etter høgdepunkt som «Linga Holm» og «Skreevar«, framførte Cooper og gjengen «First of the Tide», der artisten tok til mikrofonen og song, nett slik han gjer det på Sule Skerry. Konkurransen er hard, men eg veit ikkje om nokon finare hyllest til morgonstunda enn denne vesle songen – som også fungerte perfekt som avslutning på konserten.

Øyvind Vågnes

Øyvind Vågnes er forfattar, professor ved Universitetet i Bergen, og fast musikkskribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Rita Paramalingam er fødd i 1993 i Oslo og er jurist. Ho debuterte i 2017 og kjem no med sin andre roman.

Foto: Marthe Haarstad

Meldingar

Den vanskelege sameksistensen

Rita Paramalingam skriv overtydande om sosial dysfunksjonalitet.

Odd W. Surén

Teikning: May Linn Clement

BokMeldingar
Olav H. Hauge

Olav H. Hauge-dagbøkene

15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»

Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.

Foto: Michael Putland / ECM Records

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Hand-i-hanske-duo

Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.

Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.

Foto: Julie Engvik

BokMeldingar
Sindre Ekrheim

Noko for seg sjølv og noko for kvarandre

Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.

Svenske soldatar øver på grensa mellom Noreg og Finland under Nordic Response i 2024.

Foto: Heiko Junge / NTB

Ordskifte

«Det dreier seg om å ha eit truverdig forsvar som held fiendar borte.»

Tor OlavHauge

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis