JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

Mutantar

Eit nytt konsertopptak frå Bill Callahan dokumenterer songar i rørsle.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Bill Callahans på ein konsert i 2011.

Bill Callahans på ein konsert i 2011.

Foto via Wikipedia Commons

Bill Callahans på ein konsert i 2011.

Bill Callahans på ein konsert i 2011.

Foto via Wikipedia Commons

3899
20240802
3899
20240802

Rock

Bill Callahan:

Resuscitate!

Drag City

Opningslinene i «Everyway», eit av fleire høgdepunkt på Reality (2022), seier kanskje noko om Bill Callahans forhold til låtskriving, om vi skal ta han på ordet. «I feel something coming on/ a disease or a song», heiter det der, som om songar er noko som berre kjem over artisten, slik vi andre merkar at vi bryggjer på noko.

Når songen dukkar opp i konsertopptaket Callahan har gitt ut i sommar, Resuscitate!, får verkeleg Matt Kinsey boltre seg på den elektriske gitaren, til denne lyttarens store glede. Kvifor eit livealbum frå den kanten no? Spørsmålet vil nok dukke opp hos lyttarar som ser at sju av dei ti songane på plata er henta frå nett Reality, som framleis kjennest relativt fersk, i eit opptak laga i Chicago den 22. mars 2023.

Transformasjon

Svaret finst kanskje i dei knappe orda som følgjer utgivinga frå Callahan sjølv, som på sitt vis rimar godt med dei nemnde verselinene frå «Everyway». «Songar har ein tendens til å mutere etter at dei er ferdig innspelte,» skriv han, «og desse muterte fortare enn vanleg.» Reality vart spelt inn på tampen av 2021 og tidleg i 2022, men albumet kom først ut på haustparten det året. Opptaket frå Chicago er gjort på den påfølgjande turneen, og det er som om materialet har gått gjennom ein transformasjon på vegen dit.

Eg har diverre aldri høyrt Callahan på konsert, men ei av dei kjæraste vinylplatene eg eig, Live at Third Man Records (2018), er kjøpt i Third Man Records i Nashville, og rommar eit minikonsertopptak Callahan gjorde med Kinsey der i platebutikken i 2017. Songane, som er ganske nedstrippa på plate, framstår også ofte slik når Callahan framfører dei på konsert, men i tospann med Kinsey skjer det også noko nytt. Materialet får romme ein villskap, slik at dei ytre grensene i kvar låt flyttar seg noko. Det i utgangspunktet disiplinerte og asketiske uttrykket til den kresne minimalisten Callahan vert tilført nokre gode dropar med eksess og manglande kontroll.

Nytt liv

I endå større grad er dette tilfellet når artisten får med seg fleire musikarar på scenen, slik tilfellet er på Resuscitate!, der han også får følgje av Jim White på trommene, og ikkje minst, Dustin Laurenzi, som er markant til stades på altsaksofon. Materialet kjem rett og slett til live på forfriskande nye måtar, med ein ny vitalitet. Det hjelper også at gode Chicago-folk i tillegg dukkar opp rundt kvar sving – Nathaniel Ballinger kjem inn og spelar piano på «Planets», og Pascal Kerong’A syng med på «Naked Souls», der også Nick Mazzarella er med på altsaksofon. Når Joshua Abrams (guembri) og Lisa Alvarado (harmonium) er med på den herleg skranglete «Natural Information», kokar det verkeleg på alle platene på kjøkkenet, på ein måte som kanskje ikkje er mogleg i eit platestudio.

Uavhengig

Den nye versjonen av «Natural Information» gir kanskje i seg sjølv det verkelege svaret på kvifor Callahan vel å gi ut akkurat denne kvelden på plate. Resuscitate! er ein dokumentasjon av korleis desse songane også kan høyrast ut, når heilt bestemte menneske møtest i eit heilt bestemt rom. For her er ingenting tilfeldig. Callahan føretrekkjer å spele på klubbar som ikkje er innanfor Live Nation/ Ticketmaster-imperiet, og er også ein artist som kan tillate seg ei slik luksuriøs haldning til infrastruktur. Thalia Hall er ein uavhengig klubb, og ein institusjon – «Thalia Hall, baby. Stay free», skriv Callahan i følgjeskrivet. Når han i september turnerer nokre få europeiske byar, står han på scenen åleine, med fleirkveldsbesøk i kresent utvalde klubbar som Café de la Danse i Paris – der nye mutasjonar truleg ventar.

Øyvind Vågnes

Øyvind Vågnes er forfattar, professor ved Universitetet i Bergen, og fast musikkskribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Materialet kjem rett og slett til live på forfriskande nye måtar, med ein ny vitalitet.

Emneknaggar

Fleire artiklar

KulturFeature

Ein observerande vasar

Are Kalvø er glad i å fjasa, men endå betre likar han å vasa.

May Linn Clement

Filmen til Agnieszka Holland om flyktningar på grensa mellom Polen og Belarus vann juryprisen og var nominert til Gulløva på filmfestivalen i Venezia.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Svartkvitt mareritt

Agnieszka Holland viser rettmessig raseri i grufullt og godt grensedrama.

Ukraina er avhengig av ei rekke våpensystem frå USA, som dette: rakettsystemet Patriot.

Foto: Sean Murphy / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein uunnverleg alliert

Kva blir att av Ukraina dersom våpenleveransane frå USA stoggar?

Laila Goody, Maria Ómarsdóttir Austgulen, Trond Espen Seim og John Emil Jørgenrud i nachspielet frå helvete som stykket til Edward Albee blir kalla.

Foto: Erika Hebbert

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Sterkt om livsløgn og overleving

Gode skodespelar­prestasjonar i intens kamp på liv og død.

Gravfølgjet for Mohammad Mahdi Ammar og Abbas Fadel Yassin, båe drepne av eksploderande personsøkjarar i Beirut. Ammar er son til ein framståande medlem av Hizbollah-rørsla.

Foto: Mohamed Azakir / Reuters / NTB

KommentarSidene 2-3

Krig med personsøkjarar i folkerettsleg gråsone

Kvelden før personsøkjaråtaket endra Israels krigskabinett målsetjingane med krigen i nord. Ei eskalering låg derfor i kjømda.

Cecilie Hellestveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis