Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

Rytmekunstnaren

Jim Keltner er ein trommis musikarane ser opp til.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Jim Keltner har spelt på tallause album med verdskjende musikarar.  Foto:  youtube.com

3598
20170818

Jim Keltner

Tilrådd lytting:

Gabor Szabo: Bacchanal (1968)

Leon Russel: Carney (1972)

George Harrison: Living in the Material World (1974)

Randy Newman: Little Criminals (1977)

Ry Cooder: Bop Till You Drop (1979)

Van Dyke Parks: Jump! (1984)

John Hiatt: Bring The Family (1987)

Ali Farka Touré: Talking Timbuktu (1994)

Bill Frisell: Gone, Just Like A Train (1998)

Charlie Watts: Jim Keltner Project (2000)

Om du lyttar ein del til enten country, folk, blues, jazz, pop eller rockemusikk laga dei siste femti åra, har du garantert høyrt han i tallause samanhengar. Han er ein av dei mest brukte studiomusikarane i amerikansk og britisk musikk, og han har ei heilt eiga tilnærming og ein særprega spelestil.

Samstundes kjennest spelet hans som ein så naturleg del av heilskapen at berre særskilt musikkinteresserte legg skikkeleg merke til han. Sjansen er også stor for at du har eit album kor han spelar, eller kjenner til ein låt han har sett rytmiske avtrykk på, men dei færraste utanom musikarar kjenner til namnet hans. Eg snakkar om trommekunstnaren Jim Keltner.

Innleving

Jim Keltner (1942) frå Tulsa i Oklahoma har ei heilt eiga forståing for det som på musikkspråket kallast time, ei eiga innleving i samspelet med andre, med hårfine rytmiske nyansar som alltid underbyggjer låten på meisterleg vis.

Det handlar om kvar dei enkelte slaga vert lagde, kvar pausane og overgangane kjem, men også like mykje om å lata vere å spele, som det å spele. Det er laust og leikent, men samstundes stramt og elegant der det trengst. Keltner tek heile tida sjansar, gjerne med uventa slag og overgangar, men aldri så det går ut over heilskapen. Og alltid kastar han ball med – og stør opp om – medmusikarane.

Ein av grunnane til at han gjerne kjem litt i skuggen av dei mest kjende trommeslagarane, er at han ikkje driv med nokon openberr trommebriljering, som mange av kollegaene. (Trommesoloar er ikkje hans greie.) Han skapar likevel eit sug og eit tilbakehalde driv som gjer at ein får lyst til å høyre musikken om att og om att.

Studiomusikar

Ironisk nok sleit den eigenarta og hardtarbeidande musikaren i mange år med å skaffa seg nok speling for å halde økonomien i gang, og det var ikkje før på slutten av 1960-talet at han verkeleg byrja å få seg eit namn i musikarkretsar gjennom studioarbeid og konsertverksemd i Los Angeles-området.

Jim Keltner har hatt ein lang karriere, mellom anna i bandet til orkesterleiar, pianist og artist Leon Russel. Dei vart backinggruppe for både countryduoen Delaney & Bonnie og rockelegenda Joe Cocker. Derifrå vart han nytta i innspelingar med alt frå George Harrison, John Lennon og Ringo Starr – ein kan høyre han på mellom anna «Jealous Guy» og «Give Me Love (Give me peace on earth)» – til studioarbeid for Barbara Streisand og popgruppa Bee Gees.

Han fann også vegen til innspelingar med svært så ulike artistar, som Bob Dylan og Steely Dan, frå Joni Mitchell til Rickie Lee Jones, J.J. Cale til Roy Orbison, og frå folksongar Lucinda Williams til blueskongen B.B. King. På 1980- og 90-talet var han medlem i begge dei to supergruppene Traveling Wilburys og Little Village.

Ein kan òg sjå han i mange klassiske konsertfilmar, som til dømes George Harrisons Concert For Bangladesh, i Bob Dylans 30-årsjubileumskonsert som artist, i samspel med diverse kjende gjester eller musikkvideoar med Traveling Wilburys – som oftast lengst bak på scena, med dei karakteristiske pilotbrillene og eit sikkert grep kring trommestikkene.

Stein Urheim

Stein Urheim er musikar og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Christiane Jordheim Larsen

Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Når rikdom blir eit problem

Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.

Gjermund BakkeliHaga

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis