JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

Skoddeskuggespegelspel-rapp

Eminem vrir og vender sjølvbiletet opp og ned og på hovudet med virtuose vendingar.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2048
20240830
2048
20240830

Hiphop

Eminem:

The Death Of Slim Shady (Coup de Grâce)

Shady / Aftermath / Interscope

Dei sentrale figurane i Eminems kabaretliknande karriere er tre i talet: Eminem, ein durkdriven rappar og lyrikar, frontfiguren, artisten; Marshall Mathers, personen bak, misbrukt menneske, traumatisert, sjølvhatande, trist, stundom bitter mann, kunstnaren sjølv; Slim Shady, den jungianske skuggen, eit hånleg, grandiost beist med bleika hår og gnålete vokalisering som ikkje står tilbake for å utføre (u)kollegiale karakterdrap på andre artistar, med maskingeværdiksjon og virtuos vokalteknikk.

Eminems tolvte studioalbum, The Death of Slim Shady (Coup de Grâce), er eit musikkteaterstykke om arvesynd og personlege spøkelse av ibsenske proporsjonar – ein komisk tragedie om sjølvfornedring, skuldkompleks, sjølvhat, sjølvironi og fragmentert identitet. Her blir det sunge ei soge om å gi nådestøytet til skuggesida, om å partere demonane sine med motorsag i djerve rapp-battles mellom personlegdomsaspekt separerte frå sjølve sjølvet.

Innimellom songane høyrest korte skits, og i kombinasjon med tilhøyrande musikkvideoar bidreg desse høyrespelsnuttane til formidlinga av det postmoderne psykodramaet. Eit vandremotiv i det visuelle materialet er ein bak- eller spegelvend E – snudd på hovudet, kan hende: Sjølvskryt er greia i rapp-battling, og Narkissos, veit du, forelska seg i spegelbiletet av seg sjølv. Som altså er spegelvendt, då.

Neimen! Skulle du sett. Det ser ut til at den slimete Shadys energi såg sitt snitt til å flyte inn i heilskapen under motorsagmassakreringa i videoen til «Tobey». Å neimeninem! Alt på neste spor, «Guess Who’s Back (skit)», kan det nesten byrje å høyrast ut som skuggen er håplaus å bli kvitt. Men, men. Ein må vel nesten berre bli vener med beistet. Ingen yin utan yang et cetera. Ta vare på den store apen du er. Fin plate.

Rasmus Hungnes

Rasmus Hungnes er kunstnar, musikar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Setten vindpark nordaust for Setskog i Akershus.

Foto: Geir Olsen / NTB

Ordskifte

«Eg trur ikkje 'folk flest' er klimaskeptikarar, dei er derimot sterkt imot tiltaka som vert sette inn.»

TrondSundby

Erik Bjerck Hagen er professor i allmenn litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen.

Foto: Hedda Cecilie Hagen

BokMeldingar

Kielland i fyr og flamme

Erik Bjerck Hagen gjev oss eit gjensyn med heile romanuniverset til Alexander Kielland og klarer å visa fram kvalitetane.

Jan Inge Sørbø

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis