Sordinert suveren
I den kongelege sørgjekanteten får Telemann fram avglansen av jordisk prakt.
Georg II av Storbritannia, her ved slaget ved Dettingen i 1743, der han som siste britiske suveren sjølv leia soldatane sine i strid.
Standardinnspelinga
Georg Philipp Telemann:
Cantatas for the Hanoverian Kings of England
Barockwerk Hamburg; dir.: Ira Hochman. CPO 2021
Orkesteret Barockwerk Hamburg lanserte tidlegare i år eit interessant album med to krigskantatar som Georg Philipp Telemann (1681–1767) skreiv under sjuårskrigen, som rasa mellom 1756 og 1763. Det same ensemblet gav for tre år sidan ut det fyrste albumet sitt med denne tematikken. Det inneheld tre kantatar komponerte til dei såkalla hannoveranske kongane av Storbritannia, Georg II og Georg III, som regjerte i kurfyrstedømmet Hannover i ein personalunion.
Telemann var musikkdirektør i den frie riksbyen Hamburg, ein republikk som i prinsippet var nøytral i konflikten. Men i krigen mot Frankrike støtta hamburgarane i røynda den viktigaste handelspartnaren deira, Storbritannia.
Det var truleg medlemmer av The Company of the Merchant Adventurers som tinga kantatane av Telemann. Dette engelske kjøpmannslauget, som blei stifta på 1400-talet, nytte tollfridom i hamnebyen heilt fram til 1800-talet – litt som hanseatane på «tyskebryggen» i Bergen, altså. Handelskvarteret deira, med byens vakraste gotiske borgarhus, og jamvel Hamburgs domkyrkje, hadde ekstraterritoriell status og var difor ikkje under republikkens lovgjeving.
Sørgjemusikk
Det mest spesielle verket på plata er Lieber König, du bist tot (spor 9–11). Som dei andre kongekantatane er det instrumentert med paukar og trompetar, som jo er militær- og herskarinstrument par excellence. «Problemet» er berre at dette stykket er sørgjemusikk, skrive til kong Georg IIs død i 1760, og då høver jo festlege messinginstrument dårleg.
Telemann løyste problemet med sordin, ein kjegleforma kloss som blir sett i sjallstykket til trompetane og ikkje berre dempar lyden, men også gjer klangen mjuk og tandert nasal. Også paukane er sordinerte, med pledd over skinnet. Verknaden Telemann slik oppnår, er uhyggjeleg. Trompetane verkar som ein avglans av verdsleg prakt på andre sida av grava, og dei tørre paukekvervlane kling stundom som fjernt beinskrangel.
Less is more
Komposisjonen i seg sjølv er vågal av di han er så einfelt. Den truskuldige poesien i opningssatsen «Gode konge, du er død og teken opp i himmelen» er ukunstla tonesett, med ein melodi utan éin uturvande tone, noko bassen Dominik Wörner tydeleggjer i framføringa si.
Strykarparten er òg enkel, med fiolinar som lyftar fram melodien på granne klangsøyler. Dette er Telemann på sitt beste – ein less is more-estetikk som ligg komponistkollegaen J.S. Bach fjernt, og som jamvel G.F. Händel sjeldan makta.
Sjur Haga Bringeland
Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.