Sorgmuntert
Münchner Rundfunkorchester trekkjer fram ein gløymd 1800-talssymfonikar.
Den tysk-nederlandske komponisten Johann Wilhelm Wilms (1772–1847).
CD
Johann Wilhelm Wilms:
Symfoni og ouverturar
Münchner Rundfunkorchester; dir.: Ivan Repušić. CPO 2024
Æraen med Haydn, Mozart og Beethoven i tiåra kring 1800 har ein dominerande posisjon i dagens klassiske musikkliv. Men der er lite plass til andre komponistar enn dei kanoniserte. Difor er det alltid interessant når det kjem innspelingar av gløymde meistrar frå perioden. Slike oppdagingar har plateselskapet CPO spesialisert seg på, og her presenterer dei éin symfoni og fire orkesterouverturar av Johann Wilhelm Wilms.
Han kom til verda i 1772 i det som i dag er den tyske delstaten Nordrhein-Westfalen, men flytte alt i slutten av tenåra til Amsterdam, der han blei buande til han døydde i 1847. Nærare 200 verk – mellom dei sju symfoniar, fem ouverturar og fem klaverkonsertar – hadde han då på samvitet.
Mange av Wilms’ orkesterverk blei trykte i den kresne musikkmetropolen Leipzig, noko som vitnar om populariteten hans. Symfoni nr. 6 i d-moll, op. 58 (1819), skulle likevel bli ein av dei siste suksessane hans.
I 1821 råka lagnaden hardt. Kona døydde etter å ha sett eit daudt barn til verda, og brått sat han igjen som åleineforsørgjar for fire små. Året etter bar han også den to år gamle yngstedottera til grava. Svartsyn gjorde at han trekte seg stadig meir attende frå ålmenta og tente til livsopphaldet som – etter kvart blind – organist.
Solid messing
Den dystre d-mollsymfonien syner ein komponist på høgd med tida si. Dei musikalske temaa i opningssatsens eksposisjon (spor 1) er samvitsfullt forma og fantasifullt varierte, og kontrapunktikken mot slutten, i det som på fagspråket heiter gjennomføringsdelen, vitnar om ein skolert musikar.
Spesielt likar eg dei optimistiske lysglimta som stundom trengjer gjennom molltristessen, sorgmuntre parti som kringkastingsorkesteret i München under den kroatiske dirigenten Ivan Repušić veit å framheva. Orkesteret presterer jamt godt, med god intonasjon i strykarane og ein prektig og presis messingseksjon. Særleg i den beethovensk-heroiske tredjesatsen «Scherzo» (spor 3) får messingblåsarane briljera.
Beethovensk
Dei fire opusnummerlause orkesterouverturane på plata blei aldri prenta, og me veit heller ikkje når eller til kva høve Wilms skreiv dei. Grunnhåtten er her meir underhaldande og virtuos, og påverknaden frå Beethoven påtakeleg. Slik minner den idylliske ouverturen i E-dur (spor 5) med sine fine soloparti for horn og fløyte om «pastoralsymfonien», medan den djerve tonen i Ess-dur-ouverturen (spor 6) verkar inspirert av «Eroica-symfonien».
I ouverturane når Wilms likevel ikkje det uttrykksmessige og komposisjonstekniske nivået som i symfonien. Originaliteten syner seg særleg i dei fantasifulle instrumentkombinasjonane. Kor ofte høyrer me til dømes ein hornsolo med fjørlett pizzicato-akkompagnement?
Sjur Haga Bringeland
Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Cissy Houston
Wikimedia Commons
Arkivet: Emily «Cissy» Houston (1933–2024)
Berlin: Med bandet kring seg står Bob Dylan ved flygelet og spelar munnspel.
Foto: Håvard Rem
Som å lesa ei bok
Dylan (83) vert eldre, men skriv og syng betre.
Teikning: May Linn Clement
«Øving er ei form for arbeid, og sanneleg heng øva etymologisk saman med latin opus (‘arbeid, verksemd’).»
Det var ein fiskar som oppdaga kvalflokken denne fredagsmorgonen, og så gjekk alarmen. Det blei bestemt at han skulle takast inn til Hvannasund. Der venta om lag hundre menneske som var varsla gjennom ei lukka gruppe på Facebook.
Alle foto: Hallgeir Opedal
Grinda kjem!
I dag har eg vore med på å drepe 220 grindkvalar. Ja, mogleg det var 230, eg mista teljinga.
Filmen følgjer Lunies-familien, som har vore splitta i lang tid.
Foto: Selmer Media