Storslåttar frå Nordvestlandet
Den andre plata til Kviven duo er ein overskotsprega presentasjon av populær folkemusikk frå 1900-talet.
Jorun Marie Kvernberg og Britt Pernille Frøholm utgjer Kviven duo.
Foto: Marius Beck Dahle
Folkemusikk
Kviven duo:
Nordlysets døtre
Britt Pernille Frøholm: fele og hardingfele; Jorun Marie Kvernberg: fele og hardingfele
Kviven Records
Ord som fortel noko om musikalsk stil og sjanger, er sjeldan eintydige. Også i denne avisa vert platemeldingare ordna etter omgrep som «klassisk», «jazz» og «rock». Dette er ikkje presise ord, men dei gjev lesaren ein omtrentleg idé om kva det kan dreia seg om.
Når det gjeld «folkemusikk», er det ei musikkform der det av og til er strid om kva det eigentleg er, og kor grensene går for kva som er verdig til å kallast folkemusikk.
Den nye plata til Britt Pernille Frøholm og Jorun Marie Kvernberg er eit interessant døme på desse flytande grensene mellom folkemusikk og annan musikk. Dei har tatt utgangspunkt i «storslåttar» frå Nordvestlandet som hadde si stordomstid utover 1900-talet.
I det innhaldsrike og velskrivne tekstheftet peiker dei på at folk ved kysten gjerne var raske med å fanga opp nye musikalske impulsar (gjerne frå utlandet), og element frå klassisk musikk, militærmusikk og sigøynarmusikk dukkar rett som det er opp. På nokre av slåttane, som valsen «Fagre Stryn», «Fanteguten» og «Galopp etter Bernhard Løset», medverkar dessutan produsent Dag-Filip Roaldsnes med stødig pianokomp – noko som gjev det heile eit preg av salongmusikk. Og på Anders Vikens populære bruremarsj «Jølstrabrura» spelar han trøorgel og tilfører eit meir sakralt preg.
Frøholm og Kvernberg er begge veletablerte både som solistar og ensemblemusikarar, og dei har eit imponerande teknisk overskot. Og det trengst, for mange av desse slåttane er svært krevjande å spela, sjølv om dei ofte er tenkte til dans eller underhaldning. Samspelet fungerer òg svært godt, og balansen mellom det virtuose og det avslappa er heilt på plass.
Sigbjørn Apeland
Sigbjørn Apeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Olav H. Hauge-dagbøkene
15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»
Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.
Foto: Michael Putland / ECM Records
Hand-i-hanske-duo
Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.
Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.
Foto: Julie Engvik
Noko for seg sjølv og noko for kvarandre
Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.
Liv Mossige (f. 1978) jobbar som lektor og skriv bokmeldingar for Dagsavisen.
Foto: Cappelen Damm
Kvasireligiøs reaksjon
Liv Mossige viser fram det amoralske hos ivrige moralistar.
Det originale grunnlovsdokumentet ligg til vanleg i stortingsarkivet. Her er det på besøk på Eidsvoll.
Foto: Berit Roald / NTB
Nynorsk, språk og skriftmål
Ofte er det vrient å dra skilje mellom språk, dialektar og språkvariantar.