Velklingande samspel
Svensk-norske Mojna spelar som ein kammermusikktrio og læt som folkemusikk.
Anna Malmström, Helga Myhr og Thomas Eriksson spelar saman i Mojna.
Foto: Fredrik Fridlund
Folkemusikk
Mojna:
Väntenätter
Thomas Eriksson: gitar; Helga Myhr: hardingfele og vokal; Anna Malmström: klarinett og bassklarinett. Heilo
Mykje av den nyare, samspelsbaserte nordiske folkemusikken har utspring i Sverige. Og norsk-svensk samarbeid finst det mykje av. Kjende veteranar er Gunnar Stubseid og Ale Möller. Blant dei yngre kan nemnast gruppa Sver og Sigrid Moldestad, som har samarbeidd med ei rekke svenske musikarar. Trioen Mojna representere såleis ikkje noko nytt, men føyer seg fint inn i rekka av liknande konstellasjonar.
Thomas Eriksson spelar akustiske gitarar og har komponert all musikken på den andre plata til trioen. Opningssporet er svært dvelande, og det er så vidt musikarane lagar lyd i instrumenta. Slik sett minner dette om mykje av den samtidsmusikkinspirerte (og ofte improvisasjonsbaserte) folkemusikken, men det tar ikkje lang tid før ein kjenner att rytmikk og melodiske motiv som like gjerne kunne vore henta frå tradisjonell folkemusikk.
Samspelet til denne trioen er ikkje av det kraftfulle, utåtvende slaget. Det er snarare prega av ein kammermusikalsk og disiplinert interaksjon og dominert av mjuke klangar. Det inneber slett ikkje at det verkar stivt eller nervøst, men at det er ei gjennomført ro over spelet, og at gitarist Eriksson, felespelar Myhr og klarinettist Malmström aldri går i vegen for kvarandre. Rett som det er, tilføyer dessutan bassklarinetten ein mørk og varm klang som kler uttrykket svært godt.
Dersom nokon vart nyfikne på korleis dette fungerer på scenen, vert det heile tre høve til å høyra Mojna på folkemusikkfestivalen i Førde til sommaren.
Sigbjørn Apeland
Sigbjørn Apeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Olav H. Hauge-dagbøkene
15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»
Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.
Foto: Michael Putland / ECM Records
Hand-i-hanske-duo
Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.
Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.
Foto: Julie Engvik
Noko for seg sjølv og noko for kvarandre
Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.
Liv Mossige (f. 1978) jobbar som lektor og skriv bokmeldingar for Dagsavisen.
Foto: Cappelen Damm
Kvasireligiøs reaksjon
Liv Mossige viser fram det amoralske hos ivrige moralistar.
Det originale grunnlovsdokumentet ligg til vanleg i stortingsarkivet. Her er det på besøk på Eidsvoll.
Foto: Berit Roald / NTB
Nynorsk, språk og skriftmål
Ofte er det vrient å dra skilje mellom språk, dialektar og språkvariantar.