Musikk

Mutantar

Eit nytt konsertopptak frå Bill Callahan dokumenterer songar i rørsle.

Bill Callahans på ein konsert i 2011.
Bill Callahans på ein konsert i 2011.
Publisert Sist oppdatert

Opningslinene i «Everyway», eit av fleire høgdepunkt på Reality (2022), seier kanskje noko om Bill Callahans forhold til låtskriving, om vi skal ta han på ordet. «I feel something coming on/ a disease or a song», heiter det der, som om songar er noko som berre kjem over artisten, slik vi andre merkar at vi bryggjer på noko.

Når songen dukkar opp i konsertopptaket Callahan har gitt ut i sommar, Resuscitate!, får verkeleg Matt Kinsey boltre seg på den elektriske gitaren, til denne lyttarens store glede. Kvifor eit livealbum frå den kanten no? Spørsmålet vil nok dukke opp hos lyttarar som ser at sju av dei ti songane på plata er henta frå nett Reality, som framleis kjennest relativt fersk, i eit opptak laga i Chicago den 22. mars 2023.

Transformasjon

Svaret finst kanskje i dei knappe orda som følgjer utgivinga frå Callahan sjølv, som på sitt vis rimar godt med dei nemnde verselinene frå «Everyway». «Songar har ein tendens til å mutere etter at dei er ferdig innspelte,» skriv han, «og desse muterte fortare enn vanleg.» Reality vart spelt inn på tampen av 2021 og tidleg i 2022, men albumet kom først ut på haustparten det året. Opptaket frå Chicago er gjort på den påfølgjande turneen, og det er som om materialet har gått gjennom ein transformasjon på vegen dit.

Eg har diverre aldri høyrt Callahan på konsert, men ei av dei kjæraste vinylplatene eg eig, Live at Third Man Records (2018), er kjøpt i Third Man Records i Nashville, og rommar eit minikonsertopptak Callahan gjorde med Kinsey der i platebutikken i 2017. Songane, som er ganske nedstrippa på plate, framstår også ofte slik når Callahan framfører dei på konsert, men i tospann med Kinsey skjer det også noko nytt. Materialet får romme ein villskap, slik at dei ytre grensene i kvar låt flyttar seg noko. Det i utgangspunktet disiplinerte og asketiske uttrykket til den kresne minimalisten Callahan vert tilført nokre gode dropar med eksess og manglande kontroll.

Nytt liv

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement