Myra som vart fiskevær
Busetnaden på fiskeværet Myre speglar tydelege endringar langs den nordnorske kysten dei siste hundre åra.
Myre i Øksnes
SAKPROSA
Karl Otto Ellefsen og Tarald Lundevall:
Fiskevær. Myre på Yttersida
Pax forlag
Kor mykje kan du forstå av ein tettstad ved å analysere planløysinga og byggjeskikken? Dei to arkitektane Karl Otto Ellefsen og Tarald Lundevall har freista forstå Myre i Vesterålen ved å finlese dei fysiske omgjevnadene.
Nasjonale føringar
Boka deira er uvanleg god. Dei kallar boka for «en stedsmonografi». For forfattarane ber omgjevnadane på meining. Dei er ikkje opptekne av å forsvare kvifor Myre vart som det vart, men vil forstå og tolke dei bygde uttrykka. Ein viktig premiss i boka er at bygningar uttrykkjer intensjonar. Omgjevnadane speglar nasjonale økonomiske, politiske og kulturelle føringar. Forfattarane tek utgangspunkt i kva bygningar, kulturlandskapet og naturen omkring kan fortelje oss.
Myre var bygd ideologi, og eit konkret resultat av Noregs fiskeri- og distriktspolitikk. For parallelt med dei store omveltingane i norsk fiskerinæring, som modernisering av fartøy og fangsttradisjonar, ser vi at arkitekturen følgjer etter.
Nyvinningar på båt og i hav kravde nyvinningar i nye bygg. Frå 1930-talet gjekk Myre gjennom store endringar: Plassen gjekk frå eit lite fiskevær til ein industristad, med filetbedrifta Øksnes-Langenes Fiskeindustri som sentrum. Teknologiske nyvinningar og globale marknadar sette sitt preg på plassen.
Urbanisering
Vi får sjå korleis etterkrigstidas urbanisering av nordnorske kystområde gav seg uttrykk. Myre eser ut: Administrasjonsbygningar, skular, kyrkje, aldersbustadar, sjukeheim og kommunalt planlagde bustadområde vert reiste. Det estetiske vart underordna det praktiske, bygga måtte vere solide, funksjonelle og rimelege.
Forfattarane arbeidde med bustadplanlegging i Vesterålen på slutten av 1970-talet. Dei set arkitektoniske val og planlegging av tettstadar inn i ei nasjonal ramme. Dei er i dialog med andre viktige røyster, som Ottar Brox, om kva retning Nord-Noreg skal ta. Det gjer at boka handlar vel så mykje om tilhøvet mellom by og bygd, mellom nord og sør, og om framtida til fiskeværa i Nord-Noreg.
Eskil Skjeldal
Eskil Skjeldal er bibliotekar og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Boka deira er uvanleg god.
Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.